Praktisk info om styremøtet

Styremøtet i Helse Førde på Thon Hotel Førde kommande torsdag blir eit fysisk møte som på vanleg vis er ope for publikum og presse.

Smittevernet i Helse Førde har sett på møterommet som skal nyttast. Det er så stort at det kan ta inntil 50 personar og overhalde andre smittevernreglar i samband med koronasituasjonen.

I samband med møtet gjeld følgjande reglar:

1. Det vert ikkje høve til å delta på møtet dersom ein har påvist covid-19-infeksjon, er sjuk med andre luftvegssymptom, er i heimekarantene eller isolasjon.
2. Hald avstand på minimum ein meter under heile møtet. Dette inneber òg at du ikkje kan handhelse eller klemme.
3. God handhygiene: Vask eller desinfiser hendene dine når du kjem til møtet og før mat!
4. Hostehygiene: Bruk eingongs lommeduk eller host/nys i albogekroken!
5. Dersom du blir sjuk undervegs, nå du forlate møtet snarast.

Publikum og presse skal, før dei tek plass i møterommet, fylle ut og levere eit kartleggingsskjema om covid-19. Skjemaet blir samla inn før møtestart. Du finn skjemaet her:

Spørsmål screening.pdf