Helse Førde ber pasientane vurdere å endre timen til video- eller telefonkonsultasjon før dei avbestiller.
Sjukehusa har den siste tida opplevd at fleire pasientar endrar eller avbestiller timen sin. Då går mykje tid på å prøve å finne ein anna pasient som kan nytte timen som er sett av. Dette kan vi unngå.
Uansett grunn kan du be om å få fysisk oppmøte endra til video- eller telefonkonsultasjon!
Når pasientar får tildelt ein time, får dei eit innkallingsbrev på helsenorge.no. På timelista si på helsenorge.no kan pasienten og velje å endre timen sin frå fysisk oppmøte til konsultasjon over video eller telefon. Behandlaren vil avgjere om dei kan gjennomføre timen over video eller telefon.
Dersom behandlar og pasient kan ta timen over video eller telefon, slepp pasienten å reise og møte opp på sjukehuset. Dette er tidssparande for både pasient og behandlar. Alternativet med video- eller telefonkonsultasjon kan føre til at færre pasientar endrar, avlyser eller utset timen sin.
Er du i tvil om korvidt timen din kan bli gjennomført digitalt, kan du endre timen din på helsenorge.no uansett. Du vil få beskjed av behandlar dersom det likevel er nødvendig med fysisk oppmøte.
HER er ei generell rettleiing om videokonsultasjon.