Pasientreiser – kva for reglar gjeld akkurat no

Dei nasjonale tilrådingane knytt til koronapandemien er at pasientar som skal til sjukehusavtale og som kan køyre sjølv, gjennomfører reisa til og frå behandling på eiga hand. Oppmoding om bruk av privat transport gjeld også for dei som kan bli køyrt til behandling. Planlegging av eigen transport blir ein viktig del av førebuingane til sjukehusavtalar framover.

2020-05-12_Å hugse før oppmøte på sjukehuset.gif
Med bakgrunn i den pågåande pandemien er alle helseregionane einige om at pasientane skal få dekka bruk av eigen bil, med tilleggsutgifter. Det einaste ein krev av dokumentasjon for dette, er kvittering på utgiftene. Desse transportråda er gitt  både for å hindre smitte via offentleg og rekvirert transport, men også for å ha nok drosjekapasitet og kunne stille tilrettelagt transport til rådigheit for dei pasientane som treng dette mest.

Refusjon av reiseutgifter med privat transport - så lenge pandemien varer

Når reisa er gjennomført vil pasienten få refundert utgifter ved bruk av privat bil, anten han køyrer sjølv eller blir køyrt av andre. Framgangsmåten for å få dekka reiseutgifter med tilleggsutgifter, er at pasienten fyller ut og leverer eit skjema til Pasientreiser. Skjema kan fyllast ut for hand, eller digitalt gjennom å logge seg inn på Helsenorge.no.

Føretrekkjer pasienten å fylle ut skjema for hand, får ein skjemaet hos behandlarane eller i resepsjonen på sjukhusa. Skjema skal sendast som post til Pasientreiser, felles nasjonal adresse. Les om reiserekning og utfylling av skjema her.

Dei nasjonale tilrådingane frå Helsedirektoratet om pasienttransport

Tilrådingane er at ein skal halde minst ein meter avstand mellom personar. Dette gjeld også ved drosjetransport, der det i tillegg blir tilrådd at passasjer sit i baksetet. Skal desse vilkåra bli følgde må Pasientreiser planlegge med éin pasient i kvar bil.

På same tid som vi må halde oss til tilrådingane, blir det meir normal situasjon i behandlarane sine aktivitetar på sjukehusa. Utfordringa blir å disponere den drosjekapasiteten som er tilgjengeleg, slik at alle som ikkje kan køyre sjølv eller bli køyrde, får kommersiell transport.

Kollektivtransport med buss er mogeleg

To bussruter, linje 526 frå Årdal og Lærdal, og linje 527 frå Selje/Måløy har begge på- og avstiging ved Førde sentralsjukehus. Informasjon om smitteverntiltak på buss finn du på Kringom.no. Nyttig å merke seg er at betaling av billett føregår via Vipps. Start planlegging av transport til og frå sjukehuset via dei nettbaserte reiseplanleggarane på Kringom.no eller En-tur.no.

Ver merksam på den avgrensa tilgangen inn til sjukehusa

Smitteverntiltak gjer at det er tilgangskontroll ved sjukehusa. Det er kun barn og funksjonshemma som får ta med seg følgje/pårørande inn i sjukehusa. Hovudregelen er at pasientar som skal til sjukehusavtale får komme inn 15 minuttar før avtalt time. Pasientar som kjem med buss får komme inn å vente på sjukehuset.

Informasjon om pasientreiser finn du på:

https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser


Kontakt Pasientreiser Helse Førde:

Opningstider:   Mandag - fredag kl. 08.00-18.00.

Telefon:             05515

E-post:               postmottak@pasientreiser.no
NB: Vern om eigne sensitive personopplysningar, ikkje send slike i e-post.

Nettstad:           https://pasientreiser.no/