Pasienten blei akutt dårleg på gjennomreise i Sogn og Fjordane. Vedkommande blei frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Her blei det raskt avgjort å sende pasienten til Haukeland universitetssjukehus. Ein koronatest teken i dag, viste seg å vere positiv.
- Vedkommande blei kartlagt for covid-19 på sjukehuset i Førde, men sidan det ikkje var symptom eller mistanke om smitte blei det ikkje teke test, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth.
I alt ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene. Dette er ambulansepersonell som køyrde personen til og frå Førde, samt helsepersonell som var i kontakt med pasienten i mottaket ved sentralsjukehuset.
Arbeidet med smittesporing held fram utover kvelden. Pasientens heimkommune er varsla.
- Vi samarbeider med Helse Bergen i det vidare smittesporingsarbeidet, seier Helleseth.
Kontaktperson i Helse Førde: Evy-Helen Helleseth 480 34 242