Pasient med mistenkt korona innlagt i Helse Førde

Ein pasient med mogeleg koronasmitte vart onsdag innlagt ved Førde sentralsjukehus. Vedkommande var også innlagt på sjukehuset to døgn i førre veke.

​Helse Førde starta umiddelbart smittesporing då mistanken om smitte vart kjent. Helseføretaket har no fullført sporing tilbake til og med dagen då vedkommande vart innlagt på sjukehuset i førre veke.
Som følgje av dette arbeidet er ein annan inneliggande pasient sett i karantene. Tre andre personar som var innlagt ved same avdeling som den smitta er i mellomtida blitt utskrivne, og vil bli følgd opp av kommunehelsetenesta i sine respektive heimkommunar.
Som følgje av smittesporinga er no 14 tilsette frå fire ulike avdelingar ved Førde sentralsjukehus i karantene.