HELSENORGE

Pålagt å samarbeide om dei minste

Det offentlege hjelpeapparatet er no pålagt å samarbeide og samordne arbeidet rundt barn, påpeika barne- og familieministeren då ho opna Småbarnsdagane denne veka, og viste til dagsaktuelle døme på at barn hår gått "under radaren" til hjelpeapparatet.
2022-10-18_Småbarnsdagane_Kjersti Toppe_5975_web (2).jpg
​- Familiane kan ofte oppleve tenestetilbodet rundt barn som uoversiktleg og fragmentert, påpeika barne- og familieminister Kjersti Toppe. - No har desse offentlege instansane fått ei lovpålagt plikt til å samarbeide og samordne seg, frå og med august i år. På den måten kan vi unngå at til dømes barnevernet ikkje er kjent med behova som er der ute. 

Studier viser at dei minste barna har omtrent like stort behov for hjelp som dei større, med litt større forekomst av psykiske problem blant dei eldre barna. Vi må oppfylle pliktene våre i høve FN sin barnekonvensjon, der vi ofte ikkje har nok merksemd i høve dei aller minste.

Toppe viste til ferske døme, mellom anna frå Bergen, på barn som skuleverket, helsevesen og barnevern ikkje har fanga opp gjennom fleire år. Under småbarnsdagane, som namnet tilseier, er fokuset retta mot dei aller minste barna, og Toppe understreka kor viktig det er å følgje opp dei to første leveåra. Samtidig minna statsråden på at barn si normale utvikling kan variere, og at ikke alle utviklar seg likt og i same tempo.
 
- Vi må innrette tenestene mot dei som faktisk treng det, og derfor er det så viktig at ulike fagfolk som arbeider med barn kjem saman og kan jobbe på tvers. 

Toppe minna til slutt om ein av sine desiderte kjepphestar:
- Snakk med barna! Vi ser altfor ofte at dei ikkje blir sett og høyrt. Gløym aldri barnet sitt perspektiv, og pass på å sjå kven barnet er. 
 
Småbarnsdagane går av stabelen kvar haust i Førde. Ein set her fokus på aktuelle tema, med mål om inspirasjon og fagleg oppdatering for alle som jobbar i barnefeltet.
Målgruppa er helsesøstre, jordmødre, kommunelegar, barnelegar, psykologar, personell ved fødeklinikk og barneavdeling, BUP, VOP, familiekontor, PPT, barnevern, pedagogar og andre som arbeider med barn og familiar.