Aukande smittetrykk i området til Helse Førde er årsaka til å det no verte krav om munnbind for besøkande.- Det er smitte i dei fleste kommunar, og situasjonen er uoversiktleg. Også ved Førde sentralsjukehus har vi siste dagane hatt enkelte smittetilfelle. Basert på smittetrykket i samfunnet set vi no i verk forsterka smitteverntiltak, seier konstituert fagdirektør Asle Kjørlaug.
Tilsette i Helse Førde skal inntil vidare nytte munnbind ved nærkontakt med pasientar der det ikkje er råd å halde nødvendig avstand. Meteren blir gjeninnført for poliklinske pasientar og dagpasientar på venterom og fellesareal.
Tiltaka gjeld så lenge smittetrykket held seg høgt.
- Vi ventar at perioden med mykje smitte i samfunnet vil vare i fleire veker. Tiltaka knytt til besøkande og meteren på venterom og i fellesareal vil venteleg vare til over nyttår, seier Kjørlaug.
Tiltaka gjeld frå i morgon, laurdag 27. november. Kjørlaug ber folk halde avstand og følgje dei generelle smittevernreglane.
- Dersom smittetrykket held fram med å auke, vil vi måtte vurdere ytterlegare tiltak.