Øystein Helleseth tilsett som økonomidirektør i Helse Førde

Øystein Helleseth (41) er tilsett som ny økonomidirektør i Helse Førde.

Helleseth kjem frå stilling som direktør i PWC i Sogn og Fjordane. Han har dei siste åra arbeidd med rådgjeving og revisjon, dei siste ti åra ut frå PWC sitt kontor i Førde. Dei fem føregåande åra arbeidde Øystein for Deloitte i Oslo. Han har samla 15 års erfaring fra konsulentbransjen i høvesvis Deloitte og PWC.

. Øystein Helleseth - Copy.jpg

Øystein er utdanna ved Handelshøyskolen BI, og har bygd på med to mastergrader etter det, i høvesvis master of Science in Business and economics og master i regnskap og revisjon.

Den nye økonomidirektøren har tre barn, og bur i Skyttarkvia i Førde. På fritida fiskar han laks, er fotballtrenar for lag i aldersbestemte klassar, går i fjellet og tek seg gjerne ein tur på motorsykkel når det passar.

- Eg ser fram til å starte i ei spennande stilling. Innanfor helsevesenet er det mykje på gang, og eg er budd på mange interessante utfordringar, seier den nye økonomidirektøren, som tek til i jobben utpå nyåret, mest truleg ein gong etter 1. februar.