Øvingssenter i Bygg aust

Eit senter for simulering og trening av ferdigheiter skal på plass i Bygg aust ved Førde sentralsjukehus. Den regionale gruppa som skal samordne opprettinga av slike senter i alle føretaka i Helse Vest, vitja sist veke Helse Førde.

Hilde Hetland, Helge Lorentzen, Unni Irene Iversen, Sigrun Anne Qvindesland, Rolf Harald Bratli og Asgaut Viste i den regionale gruppa for RegSim på besøk i lokala for det som skal bli vårt treningssenter. Iversen er koordinator i Helse Førde.

- Helse Førde er ein stor utdanningsinstitusjon. Vi må følgje med i tida – eit simulerings- og ferdigheitssenter er viktig for omdømmet vårt som ein profesjonell og attraktiv utdanningsinstitusjon. Eg trur at det å ha eit godt øvings- og treningssenter blir viktig for å rekruttere fagpersonell i framtida, seier fagdirektør Kristine Brix Longfellow.

RegSim

Helse Vest avgjorde i vår å etablere ei regional koordinerande eining for simulering og trening av ferdigheiter i alle føretaka. Helse Stavanger, som starta med simulering for fleire år sidan, fekk oppdraget med å etablere eininga, kalla RegSim. Helseføretaka skal ha si eiga eining som igjen skal koplast til eit regionalt nettverk.

Tanken er at simuleringsbasert opplæring og trening er viktig for å utvikle kompetanse, noko som igjen kan gje auka tryggleik  for pasientane.

Kvalitet i tenestene

- I utgangspunktet kan alle faggrupper nytte eit slikt senter. Det er tallause ting vi kan øve på, både i kontakt med pasientar og i team, seier Longfellow og nemner frå kirurgiske inngrep og akutt hjarte-lungeredning til kommunikasjon rundt etiske dilemma og samtaler med pårørande: - Dette handlar om tryggleik for pasientane og helse, miljø og sikkerheit for dei tilsette. Kort sagt dreiar det som om kvalitet i tenestene.
Når du simulerer, trenar du så likt praksissituasjonen som råd. Slik øving kan gjerast på mange måtar, alt etter behov og mål.

Samordne

- Senteret vi skal etablere i Førde, skal leggje til rette for at tilsette kan gjennomføre trening anten inne på senteret eller ute på avdelingane. Simuleringssenteret skal samordne alt frå å utdanne tilretteleggarar (fasilitatorar) til å bruke senteret og utstyret der. Vi skal også støtte og leggje til rette for å gjennomføre sjølve treninga, fortel Unni Irene Iversen som er tilsett som RegSim-koordinator i Helse Førde. Ho oppmodar tilsette som kan tenkje seg i  få opplæring som fasilitator om å ta kontakt for meir info.

Mykje er på plass

Helse Førde er no i startfasen. Den regionale gruppa møtte nyleg føretaksleiinga, leiarar og fagutviklarar. Dei fekk omvising i det som skal bli lokala i andre høgda i Bygg aust, og hadde som avslutning på dei to dagane ei vellukka testing av skjema på kartlegging av behov for øving på nyføddsengeposten på barneavdelinga. Her tok også pårørande del.

- Arbeidet er i gang. Vi er no ein del av eit regionalt nettverk, og får dra-hjelp frå flinke og erfarne folk i Stavanger. Denne kunnskap kan vi nytte til å komme raskt og effektivt i gang. Helse Førde har mykje på plass allereie – no vert det meir synleg i eit senter der vi også kan samarbeide med kommunane og Høgskulen på Vestlandet, seier fagdirektør Longfellow.

Her kan du lese meir om kva simulering er: Dette er simulering.pdf