Overskot i 2020 - tryggleik for framtida

Helse Førde står framfor krevjande utbyggingar som i framtida skal sikre gode og nære spesialisthelsetenester til folk i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Då er det betryggande at føretaket leverte eit solid økonomisk resultat i 2020.

Som organisasjon - det vil seie alle våre tilsette - har Helse Førde levert gode økonomske resultat i 2020, som jo har vore eit krevjande år med pandemien.
Dette kjem fram når årsoppgjeret blir lagt fram for styret på møte fredag 26. mars. Føretaket skårar også bra på kvalitet, situasjonen tatt i betraktning. Føretaket hadde relativt lågt sjukefråvær og kan vise til godt økonomisk resultat.
Her er dei kalde fakta:
• Årsresultat 2020 er 112,2 millionar kroner, som er 76,1 millionar betre enn kva vi budsjetterte for.
• Helse Førde har i 2020 motteke 158 millionar i ekstra midlar som er knytt til pandemien, og berekna tapte inntekter og ekstraordinære kostnader var 99 millionar kroner. Økonomisk effekt av pandemien er dermed berekna til 59 millionar kroner i pluss. Av dette har HFD brukt 14 millionar kroner til ekstraordinære innkjøp knytt til pandemien.
• Overskotet skal i størst mogeleg grad brukast til investeringar, samt som reserve dersom vi i framtida skulle få dårlegare resultat enn budsjett. ,Når det gjeld «overskot» knytt til pandemien, må dette sjåast opp mot dei økonomiske konsekvensane også i 2021.
• Underliggande - altså normal drift - er om lag i balanse, om ein ser vekk for effektane av pandemien.