Oppgradering av Lærdal sjukehus - kjører på naudstraum

I samband med utbygginga som skal gje plass for den nye MR-maskina ved Lærdal sjukehus, nyttar Helse Førde høvet til ei kjærkommen oppgradering av både varmesentralen og den elektriske hovudtavla ved sjukehuset. Det betyr litt driftsavbrot og bruk av naudstraum i veke 27.

​Dermed er det klart at MR-maskina vil gje fleire synergieffektar for den tekniske tilstanden ved sjukehuset. Både den eksisterande varmesentralen og hovudtavla er snart 50 år gammalt, og treng sårt til ei fornying.
Byggearbeid lærdal sjukehus.jpg
BYGGEARBEID: Arbeidet med å bygge ny fløy til MR ved Lærdal sjukehus er i full gang. Til hausten er det planlagt prøvedrift av den nye maskina. 

Kjøling til MR, varme til sjukehuset
Ei moderne MR-maskin treng store mengder kjølevatn, og i utgangspunktet var det planlagt ei eiga kjølemaskin til formålet. Men ved å byggje ein kombinert kjøle- og varmesentral så får MR-maskina frikjøling på samme tid som sjukehuset får eit heilt nytt og svært energieffektivt anlegg for oppvarming.
Oppgraderinga av varmesentralen vil komme på omlag seks og ein halv millionar kroner pluss moms, men vil samtidig gje sjukehuset ei innsparing på ein million kilowattimar straum kvart einaste år.

Ny hovudtavle for EL
I tillegg får Lærdal sjukehus ei heilt ny elektrisk hovudtavle i samband med MR-utbygginga. Dette medfører kortare, planlagte straumbrot ved sjukehuset i  løpet av nest veke (veke  27). I tidsrommet mellom utkopling av gammal tavle og innkopling av ny tavle vel sjukehuset få straumen levert av eit dieseldrive naudaggregat.
Arbeidet med å montere ny hovudtavle er planlagt avslutta i løpet av torsdag i veke 27. Straumbrot og driftsforstyrringane dette forårsakar gjer mellom anna at øyeblikkeleg hjelp-pasientar i Lærdal sjukehus sitt område blir sendt til Førde sentralsjukehus i nokre periodar av veke 27.