Tiltaka vi gjelde pasientar og tilsette som har vore i følgande kommune dei siste ti dagane: Nordre Follo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Oslo, Vestby, Våler, Ås, Asker, Aurskog-Høland, Bærum, Drammen, Horten, Lier, Lillestrøm, Lunner, Lørenskog, Marker, Nittedal, Rakkestad, Rælingen, Råde og Skiptvedt.
Oversyn over aktuelle kommunar vil bli oppdatert ved endringar.
Pasientar som har vore i desse kommunane i aktuelt tidsrom, og allereie er eller blir akutt innlagt, skal testast for covid-19-smitte og isolerast inntil negativt prøvesvar ligg føre.
Planlagt behandling for pasientar som har opphalde seg i aktuelle kommunar dei ti siste dagane, kan vurderast utsett i minst ti dagar, dersom det er medisinsk forsvarlig. Alternativt skal ein teste seg dersom det er mogeleg, negativ test vil oppheve ti dagars utsetjing.
Tilsette som har vore i aktuelt område i aktuell tidsperiode skal avlegge negativ test før retur til jobb. Ved negativ test skal munnbind uansett brukast i all pasientkontakt innanfor ein (1) meter i ti dagar. Det vert tilrådd retesting etter sju dagar.
I alle situasjonar der det ikkje er råd å oppretthalde ein meter avstand, skal tilsette nytte munnbind, førebels gjeld dette i to veker. Polikliniske pasientar og besøkande bør nytte munnbind i situasjonar der det ikkje er mogeleg å halde ein meter avstand.
Rutinar for bruk av andedrettsvern følger alt etablerte rutinar, altså ingen endring.