Opna nybygget for psykisk helsevern i Førde

I dag markerte Helse Førde overtaking og opning av Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern i Helse Førde. – Dette er ein dag vi har sett fram til lenge, seier administrerande direktør Arve Varden.

Direktør for psykisk helsevern, Børge Tvedt, seier nybygget vil gje det psykiske helsearbeidet i Helse Førde-området eit stort løft:

- Bygget har fasilitetatar som vil gje oss endå breiare og betre behandlingstilbod til pasientane.

Opning Dagabygget 19. februar 2021 I (3).jpg

Frå opninga: Direktør for psykisk helsevern, Børge Tvedt, i samtale med frå venstre: Hildegunn Knapstad Fauske, seksjonsleiar Førde BUP, Toril Taklo, avdelingssjef for barn og unge i psykisk helsevern og Svein Ove Alisøy, avdelingssjef psykiatrisk klinikk.

Fredag føremiddag var det ei tilstelling der bygget blei overlevert frå entreprenør Åsen & Øvrelid. I samband med overtakinga rosa administrerande direktør Arve Varden entreprenøren Åsen & Øvrelid for arbeidet som er gjort.

Den formelle opninga skjedde nokre timar seinare. Begge markeringane skjedde under strenge koronarestriksjonar.

Innhaldsrikt og vakkert

- Dette blir eit godt bygg å arbeide og opphalde seg i, seier avdelingssjef for psykiatrisk klinikk i Førde, Svein Ove Alisøy. 

Her er det romslege korridorar som gjev plass til stor aktivitet. Store vindauge og glasveggar gjev godt dagslys, og i tillegg er det grøne skjerma gardsrom for pasientane. Gode felles opphaldsrom, møteplassar og aktivitetsrom vil gje meir meining i pasientane sine opphald.

Det er store estetiske og arkitektoniske kvalitetar i bygget. Val av fargar, material og interiør gjer romma vennleg og trivelege å vere i.  

Det nye parkområdet som er opparbeidd nordvest for Dagabygget, blir også ein god stad for rekreasjon. Alt under opparbeidinga i haust såg ein kor fin parken vil bli til våren. Benkar og utehus er alt på plass, og fleire av dei store trea er tekne vare på og gjev parken eit komplett uttrykk. 

Flyttesjau 

Flytting føregår i ein kort og hektisk periode. I første halvdel av mars skal både psykiatrisk klinikk i Førde, det distriktspsykiatriske tilbodet ved Tronvik på Kyrkjebø og Førde barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) ha teke bygget i bruk. Førde BUP har halde til i den tidlegare husstellfagskulen i Førde sentrum. Den nye tryggleiksposten skal vere i drift i mai.

- Nybygget gjer at vi samlar aktiviteten for psykiatrisk klinikk og Førde BUP på sjukehusområdet på Vie. Berre det i seg sjølv kjem til å styrke det faglege tilbodet til pasientane, seier Varden.

Gratulerte med dagen

I samband med opninga helsa og gratulerte styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, og administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne, med dagen.

- Då styret gjorde vedtaket om Dagabygget var det også eit signal om at tenestene våre innanfor psykisk helsevern skal ha prioritet, sa Landstad.

Og frå brukarorganisasjonane kom det helsingar med ønskje om at Dagabygget må fyllast med godt innhald for dei som skal opphalde seg i nybygget både over kort og lang tid. 

Opning Dagabygget 19. februar 2021 II (2).jpg

Ingvild Maria Thingnes dansa kvardagen til ein pasient i psykisk helsevern under opninga. Thingnes viste ein del av framsyninga "Ser du meg?", med utgangspunkt i doktorgradsarbeidet til Kari Eldal som arbeider ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.

Fakta om Dagabygget 
• Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Førde BUP)
• Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
• Døgnpost for vaksne med øyeblikkeleg hjelp-plikt
• Døgnpost for tryggleikspasientar vaksne (nytt tilbod) for Helse Førde-området
• Distriktspsykiatrisk senter for vaksne for Sunnfjord og Ytre Sogn med 2 døgnpostar, 
  allmenn døgnpost og psykosepost
• Bygget vert arbeidsplass for ca. 220 tilsette i psykisk helsevern.
• Bygget er på vel 7000 kvadratmeter. 
• Bygget har kosta 340 mill. kroner å bygge
• Byggeprosjektet er gjennomført etter plan innanfor mål om kvalitet, kostnad og      framdrift.