
Adm.dir. Arve Varden opna den nye parkeringsplassen ved Nordfjord sjukehus. Med seg til å halde snora har han stadleg leiar Tone Holvik. I bakgrunnen representantar frå entrepenørane, samt teknisk sjef, Per-Arne Haugen.
Tilsette ved teknisk avdeling har vore svært engasjert i arbeidet med den nye parkeringsplassen, og i tillegg har dei hatt med seg entrepenørar frå Naustdal Maskin som blant anna har stått for grunnarbeid, prosjektering og asfaltering, medan Caverion har sørga for belysning og klargjering for elbil-lading. Sjukehuset har i dag 4 ladepunkt for elbil, og har moglegheit til å doble dette antallet etterkvart. I tillegg er 4 ladepunkt på plass ved Nordfjord Psykiatrisenter.
- Vi driv med god pasienthandtering, og då er det viktig at vi har gode parkeringsplassar tilgjengeleg, seier adm.dir. Arve Varden.
Den nye parkeringsplassen, med plass til 32 bilar, betrar parkeringstilhøva ved sjukehuset betrakteleg for både pasientar og tilsette. Ambisjonen er at tilsette skal parkere på den nye parkeringsplassen bak sjukehuset, slik at ein frigjer alle parkeringsplassane på framsida til pasientar. Det er svært gledeleg. Varden legg også til at Helse Førde er eit av få føretak på Vestlandet som framleis ikkje har parkeringsavgift, og ynskjer å halde på dette så lenge det let seg gjere.
- Dette er viktig for Nordfjord sjukehus, og vi gler oss over å endeleg kunne ta den i bruk, seier Haugen.

Teknisk sjef ved Nordfjord sjukehus, Per-Helge Haugen, stadleg leiar, Tone Holvik, avdelingssjef teknisk drift, Terje Jan Nes og administrerande direktør, Arve Varden etter opninga av den nye parkeringsplassen ved Nordfjord Sjukehus.

Per-Helge Haugen hadde sytt for kake med originalteikningar til parkerinsplassen til alle oppmøtte og engasjerte i prosjektet.