Opna ny dialyseavdeling i Lærdal

Torsdag opna ei heilt ny dialyseavdeling ved sjukehuset i Lærdal.

Opning dialyse Lærdal IV.jpg

Stadleg leiar Margun Thue saman med Per Arne Skjeldestad som har vore brukarrepresentant i arbeidet.

- Ombygginga betyr betre forhold for både pasientar og tilsette. Lyse, fine og moderne lokale, betre plass rundt kvar behandlingsplass, større areal for vaktromsfunksjonar og ikkje minst ei dobling av kapasiteten. Samla sett vil dette gjere det lettare å ivareta ei god pasientbehandling med høg fagleg kvalitet, seier stadleg leiar Margun Thue.

Tilbod i nærområdet

Ny dialyseeining var eit av dei prioriterte delprosjekta i arealplanen for Lærdal sjukehus.

- Eg er veldig glad for at dette no er på plass. Når ein dialysepasient ofte får behandling tre gonger i veka, og kvar behandling i snitt tek i overkant av fire timar, seier det seg sjølv at det er viktig å ha eit slik tilbod i nærområdet, sa administrerande direktør Arve Varden i samband med opninga.

Frå fire til åtte dialysestolar

Det er etablert åtte dialysestolar, fordelt med seks plassar på hovudarealet og to plassar på nytt smitterom. Nytt vaktrom er på plass og vassreinseanlegg ligg hensiktsmessig til over gangen.

Ombygginga starta februar 2020. Koronapandemien gjorde at prosjektet vart sett på vent i to månader, slik at drifta starta først 17. august.

- Eg vil gjerne trekke fram at dei tilsette og leiararne ved sjukehuset har gjort ein framifrå jobb. Dei har klart å ivareta pasientbehandlinga på ein svært god måte under heile ombyggingsperioden og samarbeidet mellom avdelingane har vore godt. Dei tilsette har vore kreative og løysingsorienterte, noko som krevst i ein bygge- og flytteperiode, seier Thue.

Viktig for pasientane

Samarbeidet har vore godt med medisinsk avdeling og driftsavdelinga i Helse Førde, som har gitt faglege råd og byggteknisk støtte til etableringa av det nye tilbodet.

Ombygginga har kosta nær fire millionar kroner. Dette inkluderer riving og flytting av overvåking og akuttrom, investering i nytt vassrenseanlegg og nytt utstyr, riving og ombygging ny dialyseavdeling.

Opning dialyse Lærdal II.jpg

Frå vaktrommet kan personalet sjå til at behandlinga går slik den skal.

Lokala framstår moderne, lyse og trivelege for brukarane. Dei tilsette har godt oversyn og kontroll med pasientane frå vaktrommet gjennom ein glasvegg.

- Den nye dialyseeininga betyr mykje for denne pasientgruppa i Indre Sogn. For sjukehuset betyr etableringa svært mykje og vi er stolte over at vi no kan tilby dialysepasientane våre eit enno betre tilbod, med utvida kapasitet, med ein fagleg høg standard, i nye og moderne lokale, seier Margun Thue.

Opning dialyse Lærddal III.jpg

Administrerande direktør Arve Varden overrekte blomar til einingsleiar Hrafnhildur Yr Elvarsdottir.