HELSENORGE

Open invitasjon til kunstnarar: Meld di interesse!

Kunstutvalet for Livabygget, Helse Førde oppmodar kunstnarar til å melde si interesse for å bidra med kunst til det nye somatiske sjukehusbygget. Vi ynskjer å høyre frå kunstnarar som arbeider med ulike uttrykk, teknikkar og format, utandørs og innandørs, både etablerte kunstnarar og kunstnarar i etableringsfasen. 

Det er sett av ca. 2 mill. innandørs og ca. 2 mill. utandørs til kunst. Ferdigstilling av kunstprosjekta er seinast våren 2024, og prosjekta blir avtalt individuelt.  

Kunstutvalet arbeider med følgjande perspektiv for kunsten:

  • Førde og Vestlandsregionen i ein internasjonal samanheng.
  • Det lokale og regionale gjennom eksempelvis natur, kultur, teknologi og ressursar.
  • Representasjon og mangfald.
2021-09-21_Fasade Livabygget_vest_web.jpg

Illustrasjonen viser Livabygget sett frå vest.

Kunstutvalet ønskjer kunst som:

  • Underbyggjer bygget sitt norrøne namn, Liva; Liv er eit kvinnenamn utgått av det norrøne ordet hilf som betyr «vern/beskyttelse». Namnet har også blitt assosiert med det norrøne ordet lif, «liv». Norrøne variantar av namnet er Hilf, Hilfa og Lifa.
  • Bidra til å skape betre helse, engasjement, rørsler, dialog, omsorg, oppmuntring og kvalitet. Byggje opp under Helse Førde sin visjon: Vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet.
  • Bidra til rekreasjon, refleksjon og positiv avkopling frå sjukehuslivet for pasientar, pårørande, tilsette og andre besøkjande. 
  • Rette seg mot eit stort og mangfaldig publikum i alle aldrar, uavhengig av nasjonalitet og kulturell bakgrunn, religion, alder, språk og helsesituasjon 
  • Er open, kommuniserande og gjev rom for tolking, samstundes som den godt kan vere kompleks.
  • Bør sjåast i samanheng med sjukehuset sin eksisterande kunst, og på̊ denne måten formidle historie; fortid, notid og framtid.
  • Kan vere både ein medspelar og ein motspelar til arkitekturen og naturen. 
  • Må vere robust og kunne festast godt til golv, glas, vegg eller tak og som kan innby til leik og aktivitet.
2021-09-21_Korridor Livabygget_web.png

Illustrasjonen viser ein korridor i det nye Livabygget.

Stader for kunst:
  • Uteområde
  • Foajé́, tilkomst, ventesoner, korridorar, spesialområde t.d. til born 
  • Tak, veggar, golv
  • Glasfasadar
  • Møterom

Frist for å melde di interesse:

14. januar 2022.

Slik melder du di interesse:

Send oss informasjon om dine tidligare arbeid, ditt kunstnarskap og din motivasjon i eit samla dokument som skal lagrast som PDF. Dokumentet skal vere på maks 8 sider, og ikkje over 10 MB og følgjande innhald:
  
  • Kort motivasjonstekst, med informasjon om eige kunstnarskap ca. 200 ord.
  • Bilde av tidligare arbeid med informasjon om materiale, storleik og år.
  • CV med kontaktinformasjon.
  • Namngje dokumentet med Etternamn_Fornamn.

Kunstutvalet står fritt til å invitere kunstnarar til konkurransar og/eller direkte oppdrag på bakgrunn av den opne invitasjonen, og desse vil bli honorert. 

Vi gjer merksam på at det å arbeide i eit sjukehus- og helsehusmiljø kan krevje spesielle tilpassingar med på tanke materialval, reinhald og drift.

Din informasjon, slik det står ovanfor her, eller spørsmål, rettast på e-post til: post@helse-forde.no​, med emnefelt: Kunst i Livabygget. 

Kort skildring av Livabygget

Livabygget blir det største delprosjektet i det store moderniseringsarbeidet som pågår ved Førde sentralsjukehus. Det er også det mest krevjande når det kjem til kompleksitet og teknologi.  

Nybygget vert i åtte høgder, og vil mellom anna innehalde nye operasjonsstover med observasjonspost og oppvakning, samt ny sengepost for føde- og barsel og for barn. Pasientane vil få nye sengerom basert på prinsippet om einerom. Livabygget vil i tillegg styrke viktige støttefunksjonar som ny sterilsentral.

Kunstutvalet er samansett av:

  • Ingelin Engen Skadal, prosjektleiar Nye Førde sjukehus
  • Saskia Burleson, kunstfagleg konsulent og representant frå utvalet for kunst, arkitektur og visuell utforming i Helse Førde
  • Irene Kjersti Hjorthol, seksjonsleiar sengepost ANRR​
  • Inga Vie Skeie, lege i spesialisering, kvinneklinikken
  • Solveig Horstad Berget, avdelingssjef avdeling for barn og ungdom
  • Gitta Sas, administrasjonskonsulent og representant frå utvalet for kunst, arkitektur og visuell utforming i Helse Førde 
  • Terje Jan Nes, avdelingssjef for teknisk drift, representant for utvalet for kunst, arkitektur og visuell utforming i Helse Førde og leiar for arbeidsgruppa
  • Liv Krognes, brukarrepresentant/medverkar
  • Markus Enskat, bygget sin arkitekt, NORDIC - Office of architecture
  • Kristine K. Wessel, kurator/kunstkonsulent i Kulturbyrået Mesén