Omlegging av telefonsentralane i kveld

Omlegging og oppdatering av telefonsentralane i Helse Førde gjer at telefonkapasiteten vert redusert i kveld, onsdag 29. november, mellom klokka 20 og 24. Alle behandlingsstadane i føretaket er omfatta av arbeidet.

Helse Førde ber om at berre viktige inngåande samtalar blir prioriterte den tida omlegginga går føre seg.

Medisinsk nødhjelpsnummer 113, telefonnummer 116117 til legevaktsentralane og andre telefonar til AMK i Førde er ikkje omfatta av omlegginga.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​