Økonomien 2017: Betre enn frykta, verre enn planlagt

I september teikna økonomidirektøren i Helse Førde eit dystert bilde.  Drastiske kutt måtte til for å berge årsresultatet. No ser dei førebelse rekneskapstala for 2017 betre ut enn frykta, men dei er framleis dårlegare enn budsjett.

Etter intenst innsparingsarbeid siste halvår i fjor, ser det no ut til at Helse Førde styrer unna driftsunderskot i 2017. Likevel er resultatet vel 13 millionar kroner dårlegare enn det føretaket hadde budsjettert med.

- Utover i 2017 har  vi sett ei uventa positiv utvikling som gjorde at rekneskapen betra seg mot slutten av året, seier økonomidirektør Halfdan Brandtzæg i Helse Førde.

Brandtzæg dreg spesielt fram ein uføresett nedgang i utgifter til pasienttransport og lågare utgifter til gjestepasientar i andre helseføretak.

- Saman med tiltaka vi sjølv sette i verk, har dette drege lasset i rett retning, seier økonomidirektøren.

Spesielt på slutten av fjoråret peika pilene rett veg for Helse Førde-økonomien. I desember aleine var overskotet på nær 4,5 millionar kroner, noko som er nær 3,2 millionar kroner betre enn budsjettert for perioden. Dette positive resultatet på tampen av året er med på å bikke det totale 2017-resultatet over på den grøne sida av streken. Førebelse utrekningar viser 1,723 millionar i pluss.

- Vi er svært glade for dette. Samtidig må vi ikkje gløyme at dette er 13 millionar kroner under budsjettmålet for 2017, og vi må difor ha fullt fokus på å gjennomføre planane vi legg for 2018, seier Brandtzæg. – Vi har ikkje råd til å slakke av på dette arbeidet, noko som er heilt naudsynt dersom vi skal greie dei investeringane vi står framfor i dei kommande åra.

Børge Tvedt vart konstituert som administrerande direktør i slutten av mai 2017, og fekk såleis dei økonomiske utfordringane rett i fanget då han overtok. Ei av dei fremste oppgåvene hans har vore å følgje opp det krevjande arbeidet med å rette opp økonomien i føretaket.

- Eg er svært glad for den utviklinga vi har sett. Først og fremst vil eg berømme alle medarbeidarar for å ha tatt situasjonen på alvor og gjennomført ei rekke vanskelege innsparingar. No er det viktig at dette arbeidet blir vidareført på ein god måte, og eg kjenner meg trygg på at dette vil skje når vår nye administrerande direktør tek over om få veker, seier Tvedt.

På møte fredag 26. januar vil styret i Helse Førde få ei orientering om den økonomiske utviklinga i føretaket.