Nytt psykiatrisk tilbod til dei alvorlegast sjuke

I mars/april  2021 opnar den nye tryggleiksposten ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Dette er eit betre, meir lokalt tilbod til alvorleg psykisk sjuke i Helse Førde sitt område.

- Vi er svært glade for å få dette tilbodet på plass, i splitter nye og funksjonelle lokale ved Førde sentralsjukehus, seier avdelingssjef Svein Ove Alisøy. – Det er viktig for denne pasientgruppa å kunne få behandling nær sitt eige miljø, og i ei moderne avdeling som også gjev dei høve til ha eit privatliv.

Sikkerhetsposten.jpg

Synfaring på den nye tryggleiksposten som blir ein del av nybygget for psykisk helsevern ved Førde sentralsjukehus. Kvar pasienteining består av soverom, bad, stove og eigen overbygd veranda. Roger Lundekvam (seksjonsleiar akutt døgn), Marianne Strandos (seksjonsleiar psykose og tryggleik), Sveinung Ørstavik (sjukepleiar 1, akutt døgn), Svein Ove Alisøy, (avdelingssjef psykiatrisk klinikk) og Ervin Johan Berge Beheim (prosjektleder nye Førde sjukehus).


Etter 2013 har ikkje Helse Førde hatt noko eige tilbod til denne pasientgruppa, og Helse Førde har kjøpt desse helsetenestene i andre helseføretak.

Pasientar som skal få behandling ved tryggleiksposten er ei lita, men svært ressurskrevjande gruppe. Tryggleikspsykiatriske avdelingar tek imot pasientar med alvorleg psykisk sjukdom. Pasientane kan i nokre tilfelle ha ei utagerande og krevjande åtferd, noko som gjer at der må vere andre rammer enn ved vanlege psykiske døgneiningar. Tryggleiksposten tek også imot pasientar som er dømt til tvunge psykisk helsevern, og er rusta for å sikre eit godt samfunnsvern. 

Posten med sine tre døgnplassar er såleis ekstra godt bemanna, med høge krav til kompetanse. I desse dagar lyser Helse Førde ut 23 stillingar for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Seksjonsleiar, overlege og psykologspesialist er alt tilsett.