Nytt flaumvern – ferdig og klart til teneste

I det store moderniseringsarbeidet ved Førde sentralsjukehus er det kjekt å kunne hake av oppgåver som er løyste. Flaumvernet som skal verne sjukehuset mot 1000-års flaumar vart gjort ferdig i desember.

2021-02-02_Dagabygget flaumvoll_0277_web.jpg

Foto er teke frå Svanehaugvegen. I framkant av biletet ser ein korleis flaumvernet går frå betong til voll i parken på nord-vest sida av Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern.

Flaumvernet er ein del av den infrastrukturen som det offentlege har pålagt Helse Førde å etablere, for at vi skal kunne sette Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern, og seinare Livabygget i drift. Flaumvernet hadde ein samla kostnad på rundt 30 millionar kroner.

Flaumvernet er bygt opp av fleire element

«Spunt» er seks meter lange stålprofilar som er banka i snitt fem meter ned i jorda. Spunt er sett opp frå Vievegen i søraust og 230 meter vest. Dei sluttar ved Farabygget, der går flaumvernet over i ein flaumvoll. Denne vollen har ein tettekjerne av leire, og her ved Farabygget er òg pumpestasjonen plassert.
Pumpestasjonen har fire pumper plassert i sjølve flaumvollen. Kvar pumpe har ein kapasitet 500 liter per sekund. Går alle pumpene på ein gong kan dei pumpe 2000 liter per sekund.

Vollen strekkjer seg frå Farabygget og opp til vestsida av Dagabygget. Frå vestsida av Dagabygget går han over i ein betongkonstruksjon til nordsida av Dagabygget der han igjen går over til voll. Vollen er ein del av ytterkanten av parken og lagar ein fin skjerming (sjå foto i artikkelen). Frå jordvollen går han over til betong langs Svanehaugvegen opp til høgskulen.


Flaum, heldigvis skjeldan

Det er ikkje mange på sjukehuset som hugsar når det har vore storflaum på sjukshusområdet sist. Men avdelingssjef Torstein Solset hugsar attende til tidleg på 1980-talet der ein flaum førte til at vatnet bokstaveleg talt sto på dørstokken.

- Det var mobilisert ein masse folk, men vi sto der makteslause og såg, og frykta kvar dette kunne bere avstad. Det var ikkje noko vern eller barrikadar som kunne ha stogga vatnet, og det var berre snakk om centimeter om å gjere før vatnet ville renne inn i sentrallageret og kjøkkenet og gjort stor skade. Hell og lukke stogga det opp, fortel Solset. No med det nye flaumvernet har vi betydeleg større tryggheit, avsluttar Solset.  

Flaumen Solset fortel om var i slutten av oktober 1983. Ein kombinasjon av kraftig regnver og snøsmelting førte til uvanleg mykje vatn i elvane i Sunnfjord. I avisa Firda kan vi lese om vatn som ligg utover 150 mål jord på Vie, om stengde vegar ved Førdehuset, rundt sjukehuset, og arrangement som bokstaveleg talt regna vekk.