HELSENORGE

Nytt faktagrunnlag: Slik er "gjennomtrekken" i Helse Vest

Ei ny undersøking viser kor mange medarbeidarar i sjukehusa i Helse Vest som sluttar i jobben, og kvar dei blir av. Denne skal no brukast for å finne dei beste tiltaka for at fleire medarbeidar med viktig kompetanse og erfaring skal halde fram i jobben på sjukehusa. 

Helse Vest står bak den nye kartlegginga som viser at den årlege eksterne turnoveren, altså kor mange medarbeidarar som slutta i jobben, er på om lag 5,1 prosent mellom 2015 til 2021.
Av 22 302 medarbeidarar i alle typar pasientretta stillingar i heile Helse Vest, slutta 4448 av dei i løpet av dei nesten sju åra.
Portrettbilde av ei kvinne

​​Ingen fasit
 – Kva som vil vere for høg turnover skal ikkje slåast fast på regionalt nivå. For nokre grupper kan det vere for låg turnover, slik at dei får mange som naturleg avsluttar karrierane sine samtidig. For andre er det å rekruttere og behalde nok medarbeidarar over tid vanskeleg. Det viktige er no å bruke kunnskapsgrunnlaget godt, i kvart enkelt helseføretak, i eit tett og godt samarbeid på Vestlandet. Vi vil sikra at vi legger til rette best mogleg for at medarbeidarane som har den viktige kompetansen og erfaringa i sjukehusa, vil fortsetje i jobben, seier Hilde Christiansen, leiar for prosjektet og direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest. 

– Når vi seier vi ikkje vil sette eit nivå på kva som er eit rett nivå på turnover, heng det saman med mange ulike faktorar. Det er heller ikkje rett å sjå til andre sektorar eller bransjar. Til det er det mange nyansar for ulike yrkesgrupper i kvart av helseføretaka ein må være årvakne for, held Christiansen fram. 

KS (Kommunenes Sentralforbund) har til samanlikning publisert ein statistikk som viser ein høgare prosent turnover i kommunar og fylkeskommunar. Den ligg på om lag 12,7 prosent mot omtrent fem prosent i Helse Vest. 



​Skal sjå nærmare på psykologar, psykologspesialistar og unge legar 
Christiansen framhevar fleire funn som viktige å ta med seg framover. 

 – Vi ser at tendensen frå nokre år tilbake, der psykologar og psykologspesialistar toppar fråfalls-statistikken og at unge legar sluttar oftare enn mange andre yrkesgrupper, har festa seg. På den andre sida ser vi at fråfallet blant sjukepleiarar stabiliserer seg på tilsvarande nivå som for 2019 - trass i to krevjande år med pandemi. Det er likevel viktig å sjå nærare på kvifor sjukepleiarar som har nokre års erfaring, vel å slutte i helseføretaka og ta jobb i kommunehelsetenesta, seier Christiansen. 

Som ein del av prosjektet har Statistisk sentralbyrå òg kartlagt kvar medarbeidarane vart av og kvifor nokon slutta. Dette kunnskapsgrunnlaget viser at det i stor grad er flytting som ligg bak ein stor del av turnover for medarbeidarar. Medarbeidarane seier til dømes at det oftast er ein kombinasjon av forhold ved jobben og forhold utanfor jobben som gjer at dei vel å slutta, medan leiarar har andre oppfatningar av kvifor medarbeidarar sluttar.

Skal finne dei rette tiltaka
No skal rapporten brukast til å gjere noko med den uønskte turnoveren. Målet er å finne dei gode tiltaka, som kan bidra til betre stabilitet, gode tiltak for å halde på og utvikla medarbeidarar. Det er viktig å ta vare på verdifull erfaring og kunnskap som finst i sjukehusa – samtidig som ein framleis skal vere open for nye impulsar og tankar. 

– Det er viktig å vere merksam på problemstillinga rundt uønskt ekstern turnover. Kunnskapen vi no har fått er eit viktig grunnlag for å kunne utvikle dei rette tiltaka. Det må skje i samarbeid med leiarar, tillitsvalde og vernetenesta, seier Christiansen.  

Helse 2035 og fem topp risiko
Dette arbeidet legg til grunn føringane i verksemdstrategien i Helse Vest, Helse 2035. Helsetenesta må bidra godt til utdanning og rekruttere godt dei næraste åra. Ekstern turnover er utheva som eitt av fem risikoområde i spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Med nye fakta framme, kan ein finna tiltak som bidreg til å behalde og utvikla våre medarbeidarar.