Nytt brukarutval i Sogn og Fjordane

Det nye brukarutvalet i Sogn og Fjordane har hatt sitt første møte. Hovudoppgåva deira er å sjå til at brukarmedverknaden pasientane har vert ivareteken.

Den nye brukarutvalet: Medlemer og varamedlemer hadde sitt første møte på Førde sentralsjukehus 17. januar. Foto: Helse Førde

​Brukarutvalet i Sogn og Fjordane er det einaste i sitt slag i landet som representerer både kommune- og spesialisthelsetenesta. Utvalet skal ha minst fem møte i året, og møta er opne. På første møtet no i januar handsama utvalet mellom anna årsmeldinga for 2018.

Fleirtal av brukarar

Brukarutvalet har ti medlemar frå aktuelle brukarorganisasjonar, og desse blir nemnde opp for to år om gongen. Utvalet skal ha fire representantar frå Funksjonshemmas Fellesorganisasjon, to frå Samarbeidsforumet for funksjonshemmas organisasjonar, ein frå Kreftforeningen og ein frå Sogn og Fjordane pensjonistforbund. Det skal vidare vere ein brukarrepresentant frå eit kommunalt råd for eldre/menneske med nedsett funksjonsevne, og ein frå tilsvarande råd på fylkeskommunalt nivå.

I tillegg møter ein fast representant frå føretaksleiinga i Helse Førde og ein fast representant frå KS/kommunane.

Gode og likeverdige tenester

Tanken bak brukarutvala er at involvering og medverknad frå brukarane av tenestene er viktig for å sikre gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Utvalsleiaren møter fast i styret for Helse Førde.

Brukarutvalet skal sjå til at brukarmedverknaden som er føresett i lovverk og avtalar, vert ivareteken. Utvalet skal bidra med sine kunnskaper som grunnlag for å utforme og gjennomføre tenestene.

Utvalet skal normalt ikkje handsame saker som omfattar ein kommune, men skal sjå til at brukarmedverknaden vert ivareteken i samarbeidstiltak og -område som omfattar fleire kommunar og/eller Helse Førde.

Samansetjing

Det nye utvalet er sett saman slik: Audun Nedrebø (leiar), Lisbeth Johnsen (nestleiar), Liv Stenbakk Krognes, Åshild Helleset, Jan Tore Odd, Amund Soltveit, Eldbjørg Lie, Gro Indrebø, Eiliv, K. Berdal, Synnøve Solhaugen Engen, Magnus Strand, Elin Therese Sørbotten og Olav Hesjedal.

I tillegg er Torbjørg Aasen, Marita Aarvik, Per Tollefsen, Harald Orrestad, Eivind Skjerven, Anny Urtegård og Aud Karin Netland varamedlemer.

Her kan du lese meir om brukarutvalet.