Nyhendeside om Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har fått ei ny nettside der nyhende og aktuelle tema blir lagt ut.

samhandlingsbarometer2.png

​På nettsida vil vi informere om oppdateringar og endringar i barometeret. Sida vil også fortløpande informere om relevante samhandlingstema. Vi håpar at den nye sida vil stimulere til fagutvikling og utforming av tenestene ute i kommunane, og at den vil vere ei hjelp til å få oversikt over utfordringar din kommune har. Vi håper også at studentar, forskarar og andre vil ha utbytte av sida. Sida vil bli oppdatert og utvikla undervegs etter tilbakemeldingar frå brukarane.

Ta ein kikk her: http://samhandling-sfj.no/

barometeret.jpg

Samhandlingsbarometeret (statistikk).

Etter ynskje frå fleire kommunar i fylket er folkehelseindikatorar som kommunane treng i sitt lovpålagde arbeid med helseoversikt lagt inn i Samhandlingsbarometeret. Arbeidet er gjort fyrst og fremst i samarbeid med kommunane, men fylkeskommunen, fylkesmannen og NAV deltek også. Alle indikatorane er enno ikkje på plass, men det vil kome fleire i løpet av desember og på nyåret 2017. Folkehelseområdet vil elles vere under kontinuerleg utvikling, slik resten av barometeret er det.

Når det gjeld folkehelseområdet pågår det eit arbeid med samordning mellom barometeret og Fylkesspegelen, som Sogn og Fjordane fylkeskommune driftar.

Vi vonar at Samhandlingsbarometeret no kan være ein stad der kommunane i Sogn og Fjordane kan finne dei tala dei treng data dei treng for å utvikle helse- og omsorgstenesta og folkehelsearbeidet i kommunen sin.









​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​