Frå før har helseføretaket oppmoda pårørande til i størst mogeleg grad å avgrense besøk på sjukehuset, og til å ta kontakt med oss på førehand dersom det er grunn til mistanke om at ein kan ha vore eksponert for smitten.
Eitt besøk døgnet
På bakgrunn av det aukande talet smitta personar innfører Helse Førde no følgande restriksjonar for pårørande-besøk på sjukehuset:
Frå dags dato kan kvar inneliggande pasient motta maksimalt eitt besøk frå ein pårørande eller kjenning per døgn. Besøk ut over dette må på førehand avklarast med sjukehuset.
På kvinneklinikken kan fødande eller pasientar kun motta besøk frå mann/partnar. Også her må unntak avklarast på førehand.
Pasientar som har symptom på luftvegsinfeksjon, eller har vore i område med vedvarande spreiing dei siste 14 dagane, må ikkje besøke helseinstitusjonar dersom det ikkje er heilt nødvendig.
Beredskapssituasjon
Denne nye restriksjonen kjem i tillegg til dei tidlegare annonserte restriksjonane, det vil seie at ein framleis må ringe sjukehuset - telefon 57 83 04 21 - på førehand om ein er usikker på om ein kan vere smitta. Dette gjeld alle - både besøkande, pasientar og tilsette ved sjukehuset.
Alle føretaka i Helse Vest, inkludert Helse Førde, innførte gul beredskap om ettermiddagen torsdag 12. mars. Gul beredskap inneber at det har skjedd ei alvorleg hending med avgrensa omfang, der situasjonen kan handterast med utvida innsats/ekstraordinære ressursar/tiltak.