
Plakat til venstre gjeld Førde sentralsjukehus, plakat til høgre sjukehusa på Nordfjordeid og Lærdal.
- Vi håpar alle les desse plakatane, og at dei følgjer desse enkle retningslinene som gjeld for alle som kjem til sjukehusa, seier beredskapssjef i Helse Førde, Terje Olav Øen.
God vaksinasjonsdekning, fallande smittetal og færre innleggingar gjorde at beredskapsleiinga i Helse Førde i førre veke vedtok å lette noko på korona-tiltaka. Retningslinene dei no innfører gjer at det blir enklare å vere pasient eller besøkande på sjukehusa, men koronafaren er enno ikkje heilt over, så det er framleis nokre rutinar alle må følgje. Vi minner om at det framleis er viktig at ein ikkje møter på sjukehuset dersom ein har symptom på covid-19
For deg som er pasient: Les plakat ved hovudinngang.
Pasientar får tilsendt screeningspørsmål på SMS og i innkallingsbrevet, og skal svare ut desse. Pasientar kan gå direkte til avtala poliklinikk eller avdeling når ein kjem til sjukehuset . Dei som har spørsmål, vender seg til resepsjonen.
For deg som er besøkande: Les plakat ved hovudinngang. Besøkande til pasientar skal avtale med aktuell avdeling på førehand.
Er du symptomfri, gå direkte til avtala stad. Har du ikkje avtale, vend deg til resepsjonen. Helse Førde ønskjer at alle skal halde ein meter avstand og at besøk ikkje varer lenger enn ein time. Helse Førde vil særleg legge til rette for at fødande og alvorleg sjuke kan få besøk.