Nye namn på bygg ved Førde sentralsjukehus

Helse Førde bygger to nye bygg, og dei treng eigne namn. I den prosessen enda ein opp med at ALLE bygg på sjukehusområdet i Førde får nye namn.

​Nybygga til psykisk helsevern og somatikk måtte ha kvart sitt bygningsnamn. I tillegg skal det eksisterande bygget som psykisk helsevern har i dag, byggast om og få nytt innhald. Å kalle eit bygg for nybygg, vil på eit eller anna tidspunkt gå ut på dato. Bygningsnamn er også utgangspunkt for ulike adresse system, difor vart det praktisk å finne eit felles namneregime for heile sjukehuset. Så frå å skulle gje namn til tre bygg, har alle bygg fått nye namn.

- Våre bygningsnamn har eit lag til å sette seg i samband med sjølve byggeprosjektet. Namnet på prosjektet blir namnet på bygget etter at det er teke i bruk. Påbygg 2000 og Prehospitalt bygg er gode døme på det. No tok vi sjansen på å bryte denne tradisjonen, og vi vonar at publikum òg vil oppleve dei nye namna positivt, seiser administrerande direktør Arve Varden.

Intern namnekonkurranse ved juletider i fjor

Det var forslaget om å bruke norrøne ord og omgrep som bygningsnamn, som gav inspirasjon til å lage eit felles namneregime for heile Førde sentralsjukehus. Det vart utarbeidd nokre språklege prinsipp for korleis namna skulle byggjast opp, og vips hadde ein lagt ein komplett namnekabal.
I konkurransen meinte fleire at hovudbygget skulle ta namn etter vegadressa til sjukehuset, Svanehaug. Det var ikkje vanskeleg å vere einig om det, sjølv om namnet då ville avvike noko frå det norrøne sporet.

Nye namn får først interne verknader

Bortsett frå å lære seg dei nye namna, får det konsekvensar å setje nye namn på bygg. Dei nye namna blir først innført steg for steg i dei systema i føretaket som brukar bygningsnamn.

Etter kvart vil også publikum møte bygningsnamna, som skilt ved inngangsdører i dei ulike bygga, i digitale verktøy, gjennom fargekodar og ikon. Sett saman blir det gode hjelpemiddel for å finne fram på sjukehusområdet.

Helse Førde sine kriteria for gode bygningsnamn:

  • Lang levetid
  • Uavhengig av tenestene/funksjonane i bygget
  • Gje positive assosiasjonar
  • Positivt for brukarane
  • Lett å hugse
  • Tydeleg særpreg

2019-08-22_Situasjonsplan FSS med bygningsnamn.png

Konverteringstabell
​Bygg​Nytt namn​Kva betyr namnet

Nybygg
somatikk​

Livabygget

​Liv er eit kvinnenamn utgått av det norrøne ordet hlif som betyr «vern» eller «beskyttelse». Namnet har også blitt assosiert til det norrøne ordet líf, «liv». Norrøne variantar av namnet er Hlíf, Hlífa og Lífa.

​Nybygg
psykisk helsevern

Dagabygget

​Daga/dage (norrønt daga) ljosne, dagast. 

​Psykiatri-
bygget

Angabygget

​Anga/ange (norrønt angi; samanheng med i and) (god)lukt av vår med ange av sevje og mold |nysprotte lauv som angar friskt | å lukte på.

​Hovud-blokka

Svanabygget

Utleia av adressa til sjukehuset, Svanehaugvegen 2. Hovudinngang ​

​Bygg
-aust

Hildrabygget

​Hildre - om land: Sjå ut til å sveve i lufta i synsranda; òg: vise seg større enn det er, hildre i solglansen | hildre fram, opp.

​Prehospitalt
bygg

Farabygget

Fare (norrønt fara): Flytte seg fort; suse, fyke, renne, sprette, dette;
Fare gjennom lufta / fare over ende, på hovudet / fare opp, i vêret / fare på dør / fare (laus) på nokon /fyke på / det fór (kaldt) gjennom han

​Ungdomsavd. for psykisk helsevern

​Støabygget

Støa (norrønt stoð) bjelke, påle, stokk, kloss og liknande, som tener til å bere, stive av eller stø noko | som etterledd i bokstø, ryggstø.
Norrønt – stǿðr i samansetningar som hugstǿðr, som ein støtt tenkjer på | som står fast og godt; fast, sikker, gå, stå støtt | ikkje vere heilt stø på føtene|stø som fjellstø som fjell stødig, traust, ein stø og påliteleg arbeidskar, ein som ikkje skjelv, vinglar vere stø på handa, foten.​

​Teknisk
bygg
Vølabygget​Vøle (norrønt véla). Setje i stand, bøte. Vøle eit gammalt hus / vøle litt på vegen etter regnvêret / stelle til, pynte / vøle kring husa til 17. mai​