Nye direktørar i Helse Førde

1. juni i år får Evy-Helen Helleseth sin første arbeidsdag som fagdirektør i Helse Førde. Frå same dato går Trine Hunskår Vingsnes over i stillinga som direktør for medisinsk klinikk.

Frå 1.juni skjer ein del endringar i sentrale stillingar i leiinga i Helse Førde. Vi får mellom anna ny fagdirektør og ny direktør for medisinsk klinikk.

Evy-Helen Helleseth og Trine Vingsnes.jpg
NYE ROLLER: Trine Hunskår Vingsnes (til venstre) går frå jobben som fagdirektør til direktørstilling ved medisinsk klinikk. Evy-Helen Helleseth tek over som fagdirektør.       (FOTO: TERJE ULVEDAL)
 
Den nye fagdirektøren er 47 år gammal og spesialist i psykiatri og i allmennmedisin. Ho kjem frå stillinga som overlege i akutt døgn og seksjonsleiar for legetenesta i psykiatrisk klinikk ved Førde sentralsjukehus.
Børge Stavland, som har vore konstituert i stillinga som direktør ved medisinsk klinikk, går frå same dato tilbake til jobben som leiar for radiologisk avdeling i Helse Førde.