HELSENORGE

Nye avtalar om legevakt ved Lærdal sjukehus

Nye avtalar mellom Helse Førde og Lærdal kommune betyr blant anna at Sogn lokalmedisinske senter får sitt eige lokale på sjukehuset, og to kommunale døgnsenger for øyeblikkeleg hjelp.

​Stadleg leiar Vidar Øvrebø ved Lærdal sjukehus fortel at dette er avtalar som har vore lenge etterlengta frå begge partar si side som no endeleg er på  plass. Talet kommunale senger er no justert for befolkingsgrunnlaget etter at Leikanger kommune gjekk inn i Sogndal kommune, som har eigne kommunale døgnsenger. 

- Sengetalet er no tilpassa folketalet etter kommunesamanslåinga i Indre Sogn, seier stadleg leiar Vidar Øvrebø ved Lærdal sjukehus. – Kommunane har lenge ønskt seg eit eige areal til den kommunale legevakta inne på sjukehuset, og dette er ein av tinga som er på plass i og med desse avtalane. 

Dei to kommunale sengene blir plassert ved den medisinske sengeposten på sjukehuset, og kommunane skal kjøpe pleietenestene knytt til desse sengene frå Helse Førde. Legetenestene skal kommunane stå for. 
​​
For Helse Førde medfører justeringa av talet kommunale senger at talet sjukehussenger ved medisinsk avdeling aukar med to, noko som er kjærkome for den hardt pressa avdelinga.