HELSENORGE

Ny samhandlingssjef på plass

Dagrun Kyrkjebø (bildet) har sidan nyttår vore på plass som ny samhandlingssjef i Helse Førde.

Dagrun Kyrkjebø ny.jpg
- Store og viktige oppgåver ligg føre oss for å sikre gode og samanhengande helsetenester til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Eg er glad for å kunne ta del i dette gjennom samhandlingsarbeid med kommunane, seier ho. 

Kyrkjebø er utdanna sjukepleiar med master i organisasjon og leiing, og har arbeidd 15 år i Helse Førde som sjukepleiar og leiar. Dei siste ti åra har ho jobba ved Høgskulen på Vestlandet som viseinstituttleiar og førstelektor. Ved høgskulen forska ho også på kompetansebehov og kompetanseutvikling i kommunale helse- og omsorgstenester. 

- Eg vil bruke tid på å setje meg inn i alt det gode arbeidet som er gjort på samhandlingsfeltet. Eg ønskjer å byggje vidare på det eksisterande samarbeidet mellom kommunane og helseføretaket. Spesielt vil eg ha fokus på det nyetablerte Sogn og Fjordane helsefellesskap med tilhøyrande samhandlingsorgan og oppgåvene som ligg framfor oss der.

Kyrkjebø nemner konkret revisjon av samarbeidsavtalane mellom Helse Førde og kommunane som eit stort stykke arbeid som skal løysast i helsefellesskapet, og som vil ta mykje tid framover. 

- Eg ser fram til å bli betre kjend med samarbeidspartnarar både internt i Helse Førde og i kommunane rundt oss. 

Dagrun Kyrkjebø tek over etter Marte Ulltang som har fungert som samhandlingssjef i eitt år.