
Marte Ulltang blir samhandlingssjef i Helse Førde det kommande halvåret.
- Eg ser med stor iver og begeistring på eit slikt høve til å få vere med å utvikle ei pasientorientert og framtidsretta helseteneste til befolkninga, seier Ulltang.
Ulltang er til vanleg klinisk ernæringsfysiolog i Helse Førde. Engasjementet skal vare eit halvt år. Helse Førde skal bruke dette halvåret til å avklare korleis ordninga med samhandlingssjef skal vere i framtida. Samhandlingssjefen er Helse Førdes fremste kontaktpunkt med kommunehelsetenesta.
- Det offentlege skal gje effektive og trygge helse- og omsorgstenester av høg kvalitet. Å få bidra til å vidareutvikle samhandling mellom helseføretaket og kommunane, og koordinere oppgåver knytt til dette, er svært spennande. Det er noko som engasjerer meg stort, seier ho.
Sidan i haust har Margun Thue vore samhandlingssjef i kombinasjon med at ho også er stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Thue har fått ny jobb utanfor Helse Førde, og sluttar i midten av mars. Dei to kjem til å samarbeide om stillinga som samhandlingssjef til dess.
Avdelingssjef for Pasientreiser, Vidar Øvrebø, er konstituert som stadleg leiar i Lærdal frå mars/april og ut året, men skal ikkje inneha stillinga som samhandlingssjef.
Ulltang starta i engasjementet denne veka. Ho skal arbeide heiltid som samhandlingssjef det komande halvåret.