Ny medlem i styret for Helse Førde

Thomas Vingen Vedeld er oppnemnd som ny styremedlem i Helse Førde.

​Vedeld er kommuneoverlege i Stad. Han erstattar Tor Vidar Myklebust.

Elles er styret i Helse Førde uendra. Styremedlemer er Agnes Landstad (styreleiar), Anne Sissel Faugstad (nestleiar), Ole Gunnar Krakhellen, Aud Ingrid Espeland, Reidar Sandal, Thomas Vingen Vedeld, Ivar Eriksen, Lena Thorsnes, Arthur Norevik, Randi Aven og Ole Magnus Kapstad. Dei fire siste er tilsetterepresentantar.

Dei nye styra i føretaka i Helse Vest blei oppnemnde i føretaksmøte 4. mars.