HELSENORGE

Ny konstituert stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus

Arild Krogh Nøstdal (44) er konstituert som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Dette unngjorde administrerande direktør Arve Varden på eit allmøte i Helse Førde onsdag ettermiddag.

​Arild Krogh Nøstdal er utdanna psykiatrisk sjukepleiar. Han har vore tilsett ved Nordfjord psykiatrisenter sidan 2008,  ​og har vore seksjonsleiar ved Seksjon rus sidan 2012.

portrettbilete av ein mann med sjegg 
NY SJEF: Arild Krogh Nøstdal (44) er konstituert som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. 

Tone Holvik har sin siste arbeidsdag ved Nordfjord sjukehus den 31. november. Arild Krogh Nøstdal tiltrer i stadleg leiar-funksjonen midt i november, slik at han får 14 dagar overlapping med avtroppande. 

- Vi vil bruke dette halvåret til å områ oss litt, og vurdere kva som er beste løysinga ved Nordfjord sjukehus, sa Arve Varden på allmøtet, og understreka samtidig at det er viktig å kommunisere at Nordfjord sjukehus framleis skal ha ein stadleg leiar.

Det neste halvåret skal Nøstdal kombinere stadleg leiar-funksjonen med jobben som leiar på rusposten.
Arild Krogh Nøstdal vart tildelt Helse Førde sin kvalitetspris i 2018. Den gongen vart spesielt Arild sitt arbeid med brukarinvolvering og brukarstyring av tenestene trekt fram viktige grunnar for tildelinga. 

- Er er veldig glad for at Arild tek denne oppgåva på seg, og er ikkje i tvil om at dette vil fungere veldig bra, sa Varden på møtet.