Ny fagdirektør i Helse Førde

Trine Hunskår Vingsnes (47) er tilsett som fagdirektør etter Hans Johan Breidablik. Ho har samtidig fått permisjon, og i mellomtida skal Kristine Brix Longfellow (bildet) fungere som fagdirektør.

 

Det var åtte søkjarar til stillinga som fagdirektør etter Hans Johan Breidablik, som har hatt stillinga i drygt ti år. Trine Hunskår Vingsnes er i dag avdelingssjef for medisinsk avdeling i Helse Førde. Ho er spesialist i indremedisin og hjartesjukdomar, og har mastergrad i leiing, økonomi og forbetringsarbeidet.

Vikariat

- Trine Vingsnes er tilsett som fagdirektør, men samstundes er det behov for at ho leiar medisinsk avdeling og bidreg i utviklingsarbeidet i medisinsk klinikk i tida som kjem, seier administrerande direktør Jon Bolstad.

Både i avdelinga og prosjekta Helse Førde skal i gang med, er det behov for kontinuitet. Vingsnes har av den grunn fått permisjon i inntil to år.

- Derfor er eg glad for at Kristine Brix Longfellow har takka ja til å gå inn i vikariat som fagdirektør i denne perioden, seier Bolstad.

Samarbeid

Brix Longfellow har sidan 2011 vore kommuneoverlege i Høyanger. Ho var ferdig utdanna lege i København i 2002, og arbeidde der i fire år før ho kom som vikar til Høyanger. Brix Longfellow har også to år bak seg som assisterande fylkeslege. Ho  er i ferd med å fullføre spesialisering i samfunnsmedisin. Ho tek til i Helse Førde 3. januar 2017.

- Eg ser føre meg at jobben som fagdirektør vil vere utruleg spennande og ikkje minst utfordrande. Tenester med høg kvalitet og nøgde pasientar er viktig. Eg vil arbeide for at vi heile tida skal sikre rett hjelp til pasientane. Eg ser på meg sjølv som ein pådrivar for godt samarbeid på tvers av faggrenser, seier Kristine Brix Longfellow.

Brix Longfellow er 43 år. Ho er gift, har tre barn og bur i Høyanger.