Ny doktorgrad frå barometer-tilsett

9. juni i år disputerte rådgjevar i Samhandlingsbarometeret i Helse Førde, Maria Holsen, PhD-graden ved Tammerfors universitet i Finland. Avhandlinga var innanfor ortopedi og omhandla knesmerter hos vernepliktige.

 

Maria har følgt vernepliktige som var opererte for osteochondritis dissecans (løsning av brusk/beinbitar), delt kneskål og medial leddhinnefold (plica). I tillegg såg ho på MR som diagnostisk verktøy for plica og for skader på bruskoverflate på kneskåla (chondromalasi). Holsen, Maria.jpg

FERSK DOKTORGRAD: Maria Holsen er lege og arbeider som rådgjevar i Samhandlingsbarometeret i Førde.

Avhandlinga såg på fiksasjon av lause fragment med bioabsorberbare pinnar eller spiker. Begge metodane viste gode resultat etter 5 år, men det funksjonelle resultatet var betre når bioabsorberbare spiker vart brukt. Dette kan kanskje ha samanheng med utforminga av spikeren. Behandlinga av smertefull delt kneskål er primært ikkje operativ, men om smerten er langvarig er fjerning av den mindre biten det mest brukte kirurgiske inngrepet. I avhandlinga var det funksjonelle resultatet, 15 år etter operasjon, godt eller utmerka hos nesten alle.

Det er omstridt i kva grad mediale leddhinnefolder, som førekjem hos fleirtalet av befolkninga, er årsak til symptom i kne. Sjølv om behandlinga i utgangspunkt ikkje er operativ førekjem fjerning av slike folder ved langvarige symptom. Resultatet av artroskopisk fjerning av folden, etter 7 års oppfølging, var godt eller utmerka hjå dei fleste. Både preoperativ klinisk undersøking og MR viste seg upålitelege i å påvise leddhinnefolden.

Med omsyn til skade på brusk på kneskåla, var MR pålitelig når de gjaldt djupare skader, mens følsomheita for mindre skader var låg (20 prosent). 

Maria Holsen er lege, og har tidlegare jobba med ortopedi, men har sidan 2006 jobba innan administrasjon og forsking. Ho vart tilsett i Samhandlingsbarometeret/Helseatlastenesta i september 2016.

Du kan lese hele avhandlinga HER.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​