Ny direktør for Psykisk helsevern

Børge Tvedt har takka ja til stillinga som direktør for Psykisk helsevern, og tek til i stillinga i løpet av hausten 2016.

 

Tvedt er født i Bergen og vaks opp der. Sidan 1997 har han vore busett i Førde. Han er 45 år, gift og har to barn. Tvedt er utdanna sosionom, med vidareutdanning i rettleiing og leiing. Han har 13 års erfaring frå helse- og sosiale tenester i Førde kommune, mellom anna som leiar for Psykiatritenesta i kommunen.

I tida Tvedt jobba i Førde kommune har han og vore involvert i mange endrings- og utviklingsprosjekt. Han har og jobba to år i Kriminalomsorga.

Tvedt kjem til Helse Førde frå stillinga som rådmann i Jølster kommune, der han har vore tilsett sidan 2013.

- Helse Førde er den største og viktigaste kompetansearbeidsplassen i fylket. Eg er glad for mogelegheita til å vere med å utvikle framtidas helseteneste i Sogn og Fjordane. Utviklingsplanen gjev retning og styring for utviklinga, og eg ønskjer å vere med å bidra til gode, sikre helsetenester i samarbeid med tilsette, brukarar og samarbeidspartar, seier Tvedt.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​