Normal drift i Helse Førde

Beredskapen i Helse Førde er avslutta, og føretaket er tilbake i normal drift.

​Ekstremvêret Urd har ikkje ført til vanskar i pasientbehandlinga så langt Helse Førde kjenner til. For spesialisthelsetenesta ser det meste ut til å ha gått roleg for seg. Det var liten ambulanseaktivitet gjennom heile ettermiddagen og kvelden då uvêret stod på som verst i går.

For å ha så god ambulanseberedskap som råd hadde Helse Førde på førehand gjort ei rekkje tiltak. Talet på transportoppdrag med pasientar blei redusert, ambulansebilar flytta på, det blei sett inn reservebilar og ekstra mannskap blei kalla inn på enkelte stasjonar. 

Situasjonen blei vanskelegast i Vik kommune med stenging av Vikafjellet og innstilt ferjesamband frå Vangsnes mot Hella og Dragsvik. Helse Førde heldt kontakten med Fjord1, og ferja ville prøve å gå dersom det var fare for liv og helse.

Så godt som samtlege ferjesamband i fylket var ein periode stengde, men Helse Førde har ikkje konkrete opplysningar om hendingar der dette har skapt vanskeleg situasjonar.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​