HELSENORGE

No planlegg vi framtidas sjukehustilbod

Utviklinga går mot kortare sjukehusopphald, einerom eller tilbod om hotellseng i sjukehuset, tilbod om kontrollar på videosamtale, meir oppfølgjing og målingar som blir gjort med pasienten heime. 




Dette er nokre stikkord om kva retning utviklinga går.  Revidert utviklingsplan for Helse Førde er no ute på høyring, og her er det mogeleg å bidra med eiga meining.​
Planutkastet legg opp til at pasienten skal bli ein endå meir aktiv deltakar i eiga behandling, og vil få meir samanhengande helsetenester på tvers av sjukehus og kommunar. 
Dette er noko av det Nasjonal helse- og sjukehusplan peikar på for framtidas helsetenester, og denne utviklinga er også spegla i utkastet til utviklingsplan for Helse Førde. 
Har du meiningar og kunnskap rundt dette? Dine innspel kan vere verdfulle når planen no blir revidert!

Heildigital plan
Alle norske helseføretak skal revidere sine utviklingsplanar kvart fjerde år. Helse Førde hadde ein grundig og brei prosess før gjeldande utviklingsplan vart vedtatt av styret i 2018. Vi har difor vidareført dei ti innsatsområda frå førre plan, men tilpassa innhaldet til nye føringar som har kome sidan sist.
Denne gongen er planen heildigital, det vil seie lagt opp som ei eiga nettside. Det vil gjere det enklare å oppdatere og gje statusmeldingar undervegs i planperioden. 
I utkastet finst ti innsatsområde med tilhøyrande mål, tiltak for korleis vi skal nå måla og korleis vi skal måle at vi er på rett veg.

Lenke til digital utviklingsplan: Utviklingsplan Helse Førde 2021 - 2035

Framtidas helsetenester
Utviklingsplanen til Helse Førde 2021 - 2035 skal svare ut korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Den medisinske utviklinga går raskt, og vi må stadig tilpasse tenestene til nye behandlingsmetodar og nytt medisinsk utstyr. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr. 
- Dette gjev oss både utfordringar og moglegheiter, påpeikar administrerande direktør Arve Varden og utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven.

Helsefellesskap
I tillegg framhevar Varden at det er viktig med lik kvalitet alle stader vi yter tenester i Helse Førde. Vi ønskjer å desentralisere det vi kan, og sentralisere det vi må. Difor er nasjonale mål om å få fleire spesialisthelsetenester ut i heimen til pasienten, eller nærare heimen, også eit mål for Helse Førde. Vårt gode samarbeid med kommunane over fleire år vil vi halde fram med å formalisere gjennom det som no blir kalla helsefellesskap. 
Dette er eitt av dei nasjonale grepa for å sikre samanhengande helse- og omsorgstenester.


Behovet for samordning er definert som spesielt viktig for dei fire prioriterte pasientgruppene:
  • Skrøpelige eldre
  • Barn og unge
  • Personar med fleire kroniske lidingar
  • Personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem
I tillegg til helsefellesskap vil Helse Førde i neste planperiode prioritere:
  • Bruke teknologi på nye måtar for å vere meir tilgjengeleg og legge betre til rette for eigenmeistring.
  • Organisere oss slik at vi kan hjelpe pasientar heime eller nær heimen.
  • Investere i moderne utstyr og areal, og nytte dette endå betre i nye driftsformer.
  • Satse på kompetansebygging og sikre tilstrekkeleg medarbeider-kapasitet til å dekke dei behova vi ser i åra framover. 
​​
Slik sender du innspel til planutkastet:  


eller brev til

Helse Førde HF, postboks 1000, 6807 Førde

Merk innspelet med saksnummer 2021/981.

Høyringsfrist: 17. januar 2022. 

Kontaktperson for utviklingsplanen er utviklingsdirektør
Anne Kristin Kleiven 415 30 341.