No er det lettare å nå oss på telefon

Har du fått time på sjukehuset, og lurer på noko? No har Helse Førde gjort det lettare å nå fram og få hjelp på telefonen.

​Den nye telefontenesta er for deg som har fått innkalling til sjukehustime og har spørsmål rundt dette. Nummeret til klinikken står i innkallingsbrevet du har fått. Når du ringer dette nummeret, kjem du til det nye Kontaktsenteret i Helse Førde. Dei vil som regel kunne gje svar på det du  lurer på, og dersom ikkje blir du sett vidare til poliklinikken. 

Kvifor har Helse Førde oppretta eit kontaktsenter? Bakgrunnen er enkel: Poliklinikkane våre driv klinisk verksemd (behandlar pasientar), det er ofte travelt, og dei er ikkje primært rigga for å svare på telefonar. Difor har det ofte vore lang venting for dei som ringer, og i mange tilfelle har dei ikkje fått svar. 

Men på Kontaktsenteret vårt får du alltid svar! Du får først tre tasteval, alt etter kva ærend du ringer i. Så møter du erfarne sjukehusmedarbeidarar som oftast kan svare direkte på det du lurer på, eller set deg vidare til rett klinikk. Litt uvant for nokre, men så mykje betre enn å stå i endelaus telefonkø og vente på svar! Og takka vere Kontaktsenteret kan våre flinke helsepersonell bruke mindre tid til å snakke i telefonen, og meir tid til å behandle pasientane!