Ni personar til sjukehus etter gassutslepp i Florø

Helse Førde sette grøn beredskap etter gassutsleppet ved Fjord Base i Florø torsdag 17. januar. Torsdag ettermiddag er ni lettare skadde personar innlagt ved Førde sentralsjukehus. Beredskapen er no avslutta.

​Grøn beredskap er den lågaste beredskapsgraden i helseføretaket, og inneber mellom anna at auka ambulanseressursar er sett inn, og at ekstra personell er innkalla for å forsterke mottaket ved sjukehuset.

Det var eit syreutslepp som førte til røykutvikling ved Fjord Base i Florø. Helsepersonnell har sjekka 79 personar på staden, og ni pasientar er sende til sjukehus.

Røyken frå utsleppet var farleg, og det vart oppretta ei tryggleikssone på 200 meter. Fleire hundre personar vart sende heim frå jobb.

Helse Førde hadde forsterka ressursar frå ambulansetenesta på staden og lege frå redningshelikopteret.

Utsleppet skjedde i ti-tida torsdag føremiddag. Maursyre reagerte med nitrat og dette skapt røykutvikling og danna saltpetersyregass.

79 personar har fått helsekontroll på hendngsstaden. Det vert jobba med å finne lokale kommunale løysingar for å observere personar over tid.

Ni personar som har pusta inn røyk og fått irritasjon i luftvegane er sende til Førde sentralsjukehus for undersøking. Alle er rekna som lettare skadde.