Ni fråsegner til ambulanseplan

Det har kome inn ni fråsegner til arbeidet med plan for prehospitale tenester i Helse Førde. Styret skal ha saka føre på møtet i Sogndal fredag 22. juni.

I fleire av høyringsuttalane blir det understreka at det er viktig med godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane. Andre er opptekne av å oppretthalde talet på ambulansestasjonar og –bilar, og at det må vere fokus på å responstid ved akutthjelparordningar. Helseføretaket får ros for å ha gjennomført ein open og involverande prosess.

I saka som kjem opp for styret fredag går det fram at dei innkomne fråsegnene gjev viktige bidrag til det vidare arbeidet med planen.  

- Gjennomgåande peikar fråsegnene på dei same områda som blir lagt vekt på i prosjektrapporten. Nokre av innspela vil verte sentrale i arbeidet med neste fase, heiter det i styresaka.

Dei som har sendt fråsegner er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brukarutvalet, Sogn regionråd, kommunalsjefnettverket i Nordfjord, kommunane Aurland, Hyllestad, Årdal og Balestrand og ein privatperson.

Her kan du lese styresaka og fråsegnene som har komme inn.

Plan for prehospitale tenester som kjem fram for styret fredag inneheld store mengder bakgrunnsinformasjon om dei prehospitale tenestene i fylket. Desse omfattar bil- , båt- og luftambulanse, redningshelikopteret og AMK ved Førde sentralsjukehus. I neste fase skal det arbeidast med modellar for framtidas ambulanseteneste.

I denne lekkja finn du bakgrunn og mange dokument som omfattar arbeidet med prehospital plan.