Nestoren i BUP takkar av

Camilla Voss er nestoren innan barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane, og blir no takka av etter 45 (!) år i BUP her. Ho har vore sentral både i å bygge opp tenesta frå grunnen av og deretter å kontinuerleg vidareutvikle den.

Ein gråkald novemberdag i 1974 la ho som ung psykolog saman med to kollegar ut på ei reise frå Oslo til Førde. Målet var å møte mellom andre fylkeslegen i Sogn og Fjordane og ikkje minst dåverande barnevernsekretær i fylket, Dorthea Nordeide, som lenge hadde kjempa iherdig for å få oppretta eit lokalt tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri. Sogn og Fjordane var eitt av få fylke i landet enno mangla denne tenesta.

- Vi vart tekne godt imot av folk av folk som såg behovet, men ikkje alle gjorde det. Ein distriktslege uttala til dømes at han «gjennom 25 års praksis aldri hadde støytt på noko som kunne kallast eit barnepsykiatrisk problem», fortel Camilla Voss. – Og lokalavisa omtala til dømes klientane våre som «psykisk hemma».

camillaV2.jpg

GJEV SEG ETTER 45 ÅR I BUP: Psykolog Camilla Voss har vore sentral både som fagperson og leiar i utviklinga av barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane. I godt over ein mannsalder har ho vore sentral i den gradvise utviklinga og utbygginga av tilbodet frå nesten ingenting, og fram til slik vi ser det i dag.

Året etter at dei tre psykologane var på intervju i Førde, vart BUP i april 1975 godkjend som sjølstendig institusjon med eige styre. Det arbeidde då to spesialpedagogar, ein sosionom og ein kontortilsett ved BUP i tillegg til psykologane. Institusjonen heldt til i enkle kår i Førde sentrum, plassert i etasjen over ein sportsbutikk. Arbeidsmåten var i hovudsak oppsøkande. Fylket vart delt inn i fem soner med ein kontaktperson i kvar av dei.
Tilbodet innan barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane ser temmeleg annleis ut i 2020.

- Når eg tenkjer tilbake på desse første åra, var vi nok både modige og overmodige under oppbygginga av desse tenestene, seier Camilla Voss.

Gjennom åra som har gått har ho innan fagmiljøet utmerka seg med stor kapasitet, aktivitet og interesse, som talsperson for faget og fagfeltet, gjennom deltaking i sentrale fagorgan lokalt, regionalt, nasjonalt og også på nordisk nivå, og som terapeut over generasjonar. Det faglege virket hennar spenner vidt innan leiarskap, som rettleiar, inspirator, mentor, forfattar, førelesar, kurs- og konferansearrangør, styremedlem og styreleiar.
Ho har også vore aktiv og engasjert i lokalmiljø og lokalpolitikk, samt i kultur og samfunnsliv.

Ellen Camilla Voss, som er det fulle namnet hennar, er fødd i 1945 i Sverige, oppvaksen i Bærum og flytta til Sunnfjord i 1975. Ho er gift, har to barn og tre barnebarn. Hausten 2015 vart ho tildelt HM kongens fortenestemedalje for innsatsen sin. Siste åra har ho arbeidd i 19,6 prosent stilling ved Førde BUP i sped- og småbarnsteamet. Frå juli 2020 blir ho pensjonist på full tid.