I november 2021 blei det oppdaga eit utbrot forårsaka av bakterien pseudomonas aeruginosa i fleire sjukehus i Norge. I Helse Vest var det per måndag 7. mars påvist totalt ti tilfelle av bakterien ved tre ulike sjukehus.
Dannar utbrotsgruppe
Folkehelseinstituttet koordinerer no ei utbrotsgruppe som består av fagpersonar frå alle dei fire helseregionane i landet. Utbrotsgruppa jobbar systematisk for å kartlegge og avgrense utbrotet.
Hittil er det totalt varsla meir enn 160 tilfelle ved 28 norske sjukehus, og talet er stigande. Ved Førde sentralsjukehus er det registrert tre tilfelle.
Ein mistenker at det er ei felles smittekjelde som er årsaka til utbrotet, som til dømes ureina produkt eller ureint medisinsk utstyr.
Ti tilfelle i vest
Kvart av tilfella blir no gått nøye igjennom. Informasjon om pasientane, og kva produkt eller utstyr som har blitt brukt, blir samanstilt og analysert. Når det gjeld tilfella i Helse Vest, er det så langt ikkje noko som tyder på at bakterien har smitta frå pasient til pasient.
Fører sjeldan til sjukdom blant friske
Pseudomonas er ein bakterie som sjeldan fører til sjukdom hjå friske personar. For personar med svekka immunforsvar, og for alvorleg sjuke pasientar i sjukehus, kan bakterien derimot gje alvorlege infeksjonar som lungebetennelse og sepsis (blodforgifting).
Folkehelseinstituttet (FHI) har utarbeidd eit nasjonalt informasjonsskriv som blir delt ut til pasientar og pårørende som er berørt av utbrotet.
Trivst i sjukehusmiljø
Pseudomonas aeruginosa er ein vanleg forekommande bakterie som trivst i vatn og fuktige omgjevnader, samt i sjukehusmiljø. Den forårsakar sjeldan sjukdom hjå friske personar, men kan gje alvorleg infeksjon hjå intensivpasientar og pasientar med svekka immunforsvar.
Analyser av bakterien sin genprofil har vist at utbruddsstammen ikkje tidlegare er registrert i Norge eller i andre land.