Nasjonalt ekspertpanel for alvorleg sjuke

Ekspertpanelet er no etablert i Helse Bergen som eit nasjonalt organ. Panelet skal hjelpe pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom med å få ei ny og grundig vurdering av eventuelle behandlingsalternativ, etter at etablert behandling er prøvd og ikkje lenger har effekt.

Pasientar med ein kronisk sjukdom vil som hovudregel ikkje komme inn under ordninga. Dei som kan bli vurdert av ekspertpanelet er typisk f.eks. pasientar med alvorleg kreftdiagnose.

Ekspertpanelet har kun ei rådgjevande rolle, og ikkje noko beslutningsmynde. Det er pasienten som i samråd med lege avgjer korvidt vedkommande vil følgje rådet frå ekspertpanelet. Ekspertpanelet vurderer så enkeltsaka for den aktuelle pasienten.

I enkeltsaker skal ekspertpanelet:
1. Vurdere om all aktuell etablert behandling er gjeve eller vurdert
2. Vurdere om det fins aktuelle kliniske studier for pasienten i Norge eller i utlandet (fortrinnsvis Norden)
3. Vurdere utprøvande behandling i Norge utanfor kliniske studier
4. Vurdere eit utprøvande behandlingstilbod pasienten sjølv har innhenta

Det er behandlande lege som sender spørsmål om vurdering av pasient henvendelsen til Ekspertpanelet.
Les meir på ekspertpanelet sine internettsider på helse.bergen@no