Modernisert og utbygd Førde sjukehus

Eit nyare og meir moderne sjukehus i Førde er målet når styret i Helse Førde 23. november skal behandle det største byggeprosjektet sidan Førde sjukehus sto ferdig i 1979. Gir styret klarsignal, startar Helse Førde opp eit arbeid som varer fram til  2027. 

​- No kjenner vi oss klare gjennomføre dei ulike delprosjekta og sjå resultat av det omfattande planarbeidet som er gjennomført, seier prosjektdirektør i Helse Førde, Kjell Inge Solhaug. Det er eit godt prosjekt, både for brukarane og for dei tilsette.

Tidsriktig og brukartilpassa
For Helse Førde er byggeprosjektet nødvendig for at Førde sjukehus også i framtida skal gje pasientane tidsriktige og brukartilpassa spesialisthelsetenester med god kvalitet. Kostnadsramma er på 1,5 milliardar kroner, og reflekterer eit nøkternt og klokt prosjekt. Føretaket har allereie fått tilsegn om lån i statsbudsjett for 2017, og endeleg investeringsgodkjenning gjer eigaren Helse Vest i desember.

Del av ein heilskap
Dette byggeprosjektet er ein del av ein heilskapleg plan for alle helseføretaket sine bygg i fylket. Prosjektet, som har fått namnet «Nye Førde sjukehus» skal bygge for framtidig drift av sjukehuset i Førde, der ein planlegg fleksible bygg som kan møte endringar i behandlingsmetode og kapasitetsbehov.
Eit anna viktig mål er å gje gode rammer for eit kompetent utdannings- og forskingsmiljø, eit sjukehus som evnar å trekkjer til seg ressursar og kompetanse. 
Bygningane og uteområde skal også utbetrast slik at Nye Førde sjukehus blir eit vel fungerande sjukehus der tekniske anlegg og bygningskropp har funksjonar som tilfredsstiller dagens krav til sjukehusbygg. Helse Førde skal sjølv vere byggherre for prosjektet. 

Tilrådingane til styret byggjer på eit grundig førearbeid
Materialet frå eit omfattande behovs- og kartleggingsarbeid er summert opp i ein forprosjektsrapport som er overlevert styret. Både ressursar i eigen organisasjon og eksterne rådgjevarar og Sjukehusbygg har gitt innspel til prosjektet. Dei mange bidraga har vore avgjerande for dei løysingane som no blir lagt fram.

Normal drift under byggeperioden
Førde sjukehus skal under den lange byggeperioden fungere mest mogeleg som normalt. Det er rekkefølgja i byggearbeidet som gjer dette mogeleg. Å kombinere byggearbeid og pasientretta arbeid er ein krevjande situasjon å vere i. Alt eit byggeprosjekt inneber av støy, hindringar og omkalfatringar vil påverke mange. Alle ulempene vil betale seg når eit funksjonelt og modernisert sjukehus står ferdig i 2027.
Byggeprosjektet startar i 2019 med eit nytt bygg for psykisk helsevern, vidare kjem byggestega:

År 2019 – 2020 Ny/utviding av hovudforsyning for el.
År 2019 – 2022 Flaumvern
År 2019 – 2021 Vegkryss
År 2020 - 2022 Nybygg somatikk
År 2021 – 2022 Ombygging eksisterande psykiatribygg
År 2022 – 2025 Ombygging av sentralblokk plan 0-3
År 2025 – 2027 Ombygging sentralblokk plan 4-9