Mistanke om at pasient kan vere smitta av rabies

Ein pasient innlagt på Førde sentralsjukehus kan vere smitta av rabies. Vedkommande vart biten av ein hund under ein ferietur i Asia for vel to månader sidan, og har gradvis vorte dårlegare.

Etter å ha blitt kjent med at pasienten er blitt biten av hund under ein ferietur, vart det torsdag teke prøver og sendt til analyse i Sverige. Prøvesvaret er venta tidlegast søndag.

Det er også kjent at nokre andre personar i reisefølget, heimehøyrande i andre fylke, var i kontakt med den aktuelle hunden. Smittevernet i deira heimkommunar er varsla, og dei blir følgde opp.

- Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk og til behandling, seier fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes. – Vi tek no naudsynte forholdsreglar, og gjer nødvendige smitteverntiltak slik regelverket tilseier.

På eit informasjonsmøte for tilsette ved Førde sentralsjukehus fredag opplyste Vingsnes at det ikkje er rapportert om at rabies smittar mellom menneske. Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar kan ikkje utelukkast, men det er aldri dokumentert korkje i Norge eller i utlandet.

- Rabies er ein uhyre sjeldan sjukdom i Norge. Om dette er rabies, er det første innanlands tilfellet sidan 1815, seier Vingsnes.

Helse Førde har varsla blant andre Folkehelseinstituttet, kommuneoverlege i heimkommunen til pasienten som er innlagt i Førde og smittevernlegane i heimkommunane til dei andre som var i kontakt med hunden. Administrerande direktør i Helse Førde varslar vidare etter gjeldande prosedyrar.

Pressekontaktar i Helse Førde:
Kommunikasjonssjef Terje Ulvedal, 951 29 355
Kommunikasjonsrådgjevar Per Marifjæren, 917 81 021
Kommunikasjonsrådgjevar Thomas Lindseth 988 69 290