Minneord - Jorunn Ringstad

Det var med sorg vi mottok meldinga om at Jorunn Ringstad har gått bort.

Jorunn Ringstad var ordførar i heimkommunen Askvoll i to periodar, og vart ein høgt respektert stortingsrepresentant for Senterpartiet i Sogn og Fjordane i åra frå 1993 til 2005. I løpet av denne tida sat ho i komiteane for samferdsle, justis og utanriks, og ho var også visepresident i Odelstinget.

Mellom oppgåvene Jorunn tok på seg etter tida på Stortinget var styreverv i Helse Førde. Her starta ho som styremedlem våren 2006, vart to år seinare nestleiar i styret før ho tok over som styreleiar i helseføretaket i februar 2012. Dette vervet hadde Jorunn Ringstad fram til ho måtte trekke seg av helsemessige årsaker i november 2016.

Vi opplevde Jorunn som roleg, stødig og lojal. Ho hadde stor integritet anten ho opptredde som politikar, privatperson eller styremedlem i Helse Førde. Jorunn var hardtarbeidande og sette seg grundig inn i sakene. Ho jakta ikkje publisitet eller dei store overskriftene. Likevel viste det seg svært ofte at ho nådde dei måla ho sette seg.

Av Helse Førdes arkiv kan vi sjå at Jorunn Ringstad deltok på 112 styremøter og var med på å ta avgjerd i 820 styresaker. Ei rekke av desse sakene er milepælar for helseføretaket og dermed også for folket i Sogn og Fjordane. Vi kan nemne at ho var med på å etablere eit styrka tilbod for kreftpasientar i fylket, inkludert patologitenester. Andre saker var etableringa av ein permanent luftambulansebase i fylket, nybygg ved Førde sentralsjukehus, utforming av planverk rundt utbygginga av Førde sentralsjukehus fram mot 2030 og det nasjonale prosjektet «Framtidas lokalsjukehus». 

Med Jorunn Ringstad har vi mista eit heidersmenneske. Helse Førde står i stor takksemd for den innsatsen Jorunn la ned for helseforetaket og innbyggarane i Sogn og Fjordane over mange år.

Vi lyser fred over Jorunn Ringstad sitt minne.

Agnes Landstad,
styreleiar i Helse Førde HF