Minneord Harry Mowatt

Det er med stor sorg styret i Helse Førde har motteke meldinga om at Harry Malvin Mowatt er død, 68 år gammal. Harry vart oppnemd som styremedlem i helseføretaket i februar 2008, og hadde såleis nær ti år bak seg i vervet då han døydde sist torsdag.

Harry Mowatt.

Med Harry Mowatt fekk Helse Førde ein høgt profilert politikar inn i styret, men han var meir enn det. Harry tok med seg ein brei erfaringsbakgrunn inn i styrerommet, frå yrkeslivet og sentrale posisjonar i ulike styre og selskap gjennom ei lang årrekke, i tillegg til si politiske erfaring.

I styrerommet var Harry Mowatt blant dei som ikkje var redd for å seie si klare meining, og det ofte på ein direkte og tydeleg måte. Slik sett var det aldri nokon som skulle trenge å tvile på kva Harry eigentleg meinte, og kvar han stod i dei konkrete sakene. Dette uansett om tema var kvaliteten på tenestene Helse Førde skal levere, eller om det var snakk om naudsynte innsparingar eller justeringar av drifta i føretaket. Harry var klarsynt, oppriktig og uredd og eit lojalt medlem i det kollegiet som styret i Helse Førde er. Han sa frå når han meinte det var nødvendig.

Utetter var Harry Mowatt blant dei som konsekvent forsvarte helseføretaket vårt når det storma, og stod lojalt på det styret hadde bestemt i dei ulike sakene. Han hadde fokus på dei langsiktige utviklingslinjene, samstundes som han opparbeidde seg ei forståing for dei underliggande samanhengane og kunne forklare desse betre enn dei fleste.

Harry hadde ordet i si makt, og kunne vere slagferdig både i offisielle samanhengar og også privat. Sosialt turnerte han elegant balansen mellom å vere jovial, humoristisk og samtidig prinsippfast.

I vår fekk Harry Mowatt kreftdiagnosen. Han forstod raskt at sjukdommen ikkje let seg kombinere med styrevervet i Helse Førde, og 8. juni søkte han fritak. Torsdag 17. august var det slutt på eit liv prega av stort politisk og samfunnsmessig engasjement.

Vi lyser fred over Harry Mowatt sitt minne.

Agnes Landstad
styreleiar Helse Førde

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​