Minneord – Bjørg Kathrine Batalden

Det var med stor sorg vi mottok bodskapen om at Bjørg Kathrine Batalden omkom i skredulykka på Jan Mayen lørdag 30. januar. Med hennar bortgang har anestesi- og operasjonsavdelinga ved FSS mista ein svært dyktig medarbeider og god kollega.

bbatalden.png

I slutten av september 2020 gjekk Bjørg ut i permisjon fra stilling som anestesisjukepleiar ved FSS, for å jobbe med Forsvaret på Jan Mayen, eit engasjement som skulle vare vel eit halvt år. Planen var at ho skulle returnere til anestesi og operasjonsavdlinga i midten av april i år.

Bjørg vart utdanna sjukepleiar i 1990. I utdanningsperioden jobba ho som ferievikar ved Florø sjukehus. Bjørg vart ferdig utdanna anestesisjukepleiar 1999 og fortsatte å jobbe ved Florø sjukehus, fram til ho i 2007, fekk stilling som anestesisjukepleiar ved sjukehuset i Førde. 

Bjørg vaks opp på øya Store Batalden, men hadde nær tilknytning til Florø i ungdomstida si, då ho måtte til by`n for å gå på skule. Ho likte seg godt i Florø, og sjølv om det vart mange timar i bil tur–retur jobb, så ville ho alltid heim att til Florø.

Bjørg hadde ei utforskartrang, og innimellom ville ho prøve andre jobbarenaer. For vel 10 år sidan, fekk ho jobbtilbod av forsvaret og ferda gjekk til Sentral-Afrika og Tsjad, på grensa til Sør-Sudan.  Der deltok ho som helsepersonell i FN sitt feltsjukehus ei tid.  Attende i Helse-Førde, hadde ho med seg mykje spennande informasjon og bilete, som gav oss innblikk i ei anna verd. Nokre år før Sentral-Afrika jobba ho på cruisebåt i Fred Olsen Line som skipssjukepleiar. På denne tida var ho freelancer. Bjørg lika ikkje snø, og var ikkje glad i å gå på ski, men dette stoppa henne ikkje i å reise til Jan Mayen og ut av si komfortsone i Florø. Litt lei av våte slapsete vintrar i Florø satte ho kursen for denne øya.

Som menneske og kollega var det alltid trygt å jobbe saman med Bjørg. Ho tok alle utfordringar med stor ro, og utviste kontroll på situasjoner som måtte oppstå. Kunnskapsrik og omsorgsfull, alltid godt humør. Ho jobba i det stille og likte godt seinvakter, då seinvakter gav henne meir «fred og ro», men likevel var krevjande. Det einaste som hindra Bjørg i å jobbe seinvakter, var korøvingane ho hadde i Florø. Koret Fryd var viktig for ho, og der hadde ho også mange gode vener. Vi vil savne den nynnande Bjørg i gangane ved FSS, og vi vil hugse henne for mykje latter og glede, ein god kollega på alle måtar og svært dyktig.

Vi vil rette ei stor takk til Forsvaret, for at det vart mogeleg for oss å følge gravferda til Bjørg fra auditoriet ved FSS.
 
Bjørg Kathrine Batalden vart 57 år gamal.
 
Kvil i fred vår kjære, gode kollega.


Kollegar på anestesi og operasjonsavdelinga ved Førde sentralsjukehus