Milliongåve til Helse Førde

Ei gåve og støtte på til saman nær 13 millionar kroner gjev Helse Førde tilgang til ny medisinsk teknologi som kan gje pasientar høve til å førebyggje utvikling av livsstilssjukdomar.

 

Bak frå venstre: Tarja Rajalahti Kvalheim, Olav Martin Kvalheim, Jon Bolstad. Framme frå venstre: Trond Teigene og Anne Nilsen Magerøy.

Millionsummen fordeler seg med ei gåve på tre millionar kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane og knappe ti millionar i støtte får Universitetet i Bergen, Helse Bergen og Bergens Forskningsstiftelse.

Fjordomics heiter prosjektet, som fokuserer på analyse av blod for å avdekke risiko for utvikling av livsstilsrelaterte sjukdommar. Resultata vil brukast for å starte førebygging, og også for å finne rett behandling til den enkelte pasient dersom sjukdom er påvist. Milliongåva plasserer Helse Førde i front teknologisk på dette området.

Forskarektepar har utvikla unikt dataverktøy

Bak prosjektet står ekteparet og forskarane Tarja Rajalahti Kvalheim og Olav Martin Kvalheim. Ho er sivilingeniør i kjemiteknikk og har doktorgrad i bruk av avansert dataanalyse for medisinsk diagnose, han er kjemiprofessor. Saman har dei utvikla og teke i bruk dataanalysane som er basert på avanserte matematiske modellar når blodet ditt blir undersøkt.

– Om du tok ei vanleg blodprøve tidlegare målte du til dømes glukose eller korleis kolesterolnivået var. Men vi ser på fleire ting samtidig og ser etter mønster. Det er desse mønstera som kan seie noko om kor vidt du kan bli sjuk eller om du vil halde deg frisk, forklarar Tarja. 

Lokal gåve fekk ballen til å rulle

Milliongåva frå Sparebanken har utløyst ytterlegare knappe 10 millionar kroner i støtte frå Universitetet i Bergen, Helse Bergen og den Trond Mohn-finansierte Bergens Forskningsstiftelse. Totalbeløpet på 12.6 millionar går til innkjøp av eit instrument som skal stå i Bergen, og skal driftast av personell på Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen. Gåva frå Sparebanken sikrar dei to forskarane open tilgang til denne avanserte teknologien og forskingslaboratorium, i motsetnad til tidlegare då blodprøvene blei analysert på ein plattform på NTNU i Trondheim, der eit liknande instrument står, men duoen ikkje har nok tid tilgjengeleg.

Sjå også NRK Sogn og Fjordane og Vestlandsrevyen

– Den samfunnsnyttige helsegevinsten i dette er utruleg viktig, og derfor er vi stolte over å bidra, og ikkje minst når denne gåva utløyste dei andre investeringane. Dersom ein klarer å redusere tilfelle med livsstilssjukdommar som kols, overvekt eller diabetes, vil det spare samfunnet og menneske for store kostnader. I tillegg vil prosjektet skape ei verdiskaping innan helsesektoren med tanke på kompetansearbeidsplassar lokalt, seier adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Planlegg lenger enn dagen i dag

– Det unike her er kompetansen til Kvalheimekteparet i kombinasjon med det nye instrumentet i Bergen. Ved å ha desse to her lokalt får Førde ei hovudrolle internasjonalt når det gjeld forsking på metabolomikk. Dette gjer at Helse Førde står heilt fremst når det kjem til ny forsking og innovasjon innan helse, seier Jon Bolstad, direktør i Helse Førde.
Prosjektet har blant anna stor betydning for forståinga av samanhengen mellom fysisk form og hjarte/kar-helse på individnivå. Metodane har allereie vore brukt i det såkalla ASK-prosjektet, som mottok gåve frå Sparebanken i fjor vår, der blodprøver av alle 10-åringer i Sogn og Fjordane frå eit årskull blei analysert.

– Dette understreker at teknologien kjem til å få ein viktig plass i førebygging med påvising av risiko og hindring av utvikling av sjukdom, og at det du gjer med kroppen i dag kan få positive eller negative konsekvensar for morgondagen og framtida, seier Tarja Kvalheim.

Meir om prosjektet og teknologien på:

www.fjordomics.com.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​