Helsenorge

Millionar til forsking i mindre helseføretak

Helse Vest deler no ut 15 millionar kroner i strategiske midlar til mindre helseføretak, som vil sikre forskingsprosjekt av høg kvalitet i Helse Førde, Helse Fonna og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Helse Førde har fått tilslag for å vidareutvikle programmet Norce Feedback.

​Å nå sentrale forskingsmål i tida framover, vil krevje auka aktivitet i heile regionen. 

Dei seinare åra har sterke forskingsmiljø på Vestlandet vokst seg større og sterkare, med forskingsprosjekt i verdsklasse. For å nå måla i mellom anna Helse Vest sin forsking- og innovasjonsstrategi, er det svært viktig at også mindre forskingsmiljø utanfor universitetssjukehusa aukar forskingsaktiviteten.

Nye miljø

Strategien har som mål å auke gjennomslag i nasjonale og internasjonale tildelingar, gjennom til dømes Noregs forskingsråd og EU. Det er derfor viktig for Helse Vest at nye forskingsmiljø veks fram og får moglegheit til vidare utvikling. At gode forskingsprosjekt blir sette i gang hos dei mindre føretaka, sikrar også at pasientar og brukarar i heile regionen får betre tilgang på deltaking i forskingsprosjekt der dei bur.

Strategien legg også vekt på betydningen av auka samarbeid mellom institusjonane i regionen, og vidare utvikling av eksisterande gode fagmiljø. Alle føretaka i regionen må også mobiliserast for å nå måla i Nasjonal handlingsplan for kliniske studier dei neste åra. Å nå desse måla vil krevje ein årleg vekst i antall studiar på om lag femten prosent, og handlingsplanen fastslår at pasientar skal få auka moglegheiter for deltaking i kliniske studiar. Ei strategisk satsing mot mindre helseføretak er eit steg på vegen som kan forenkle noko av mellom anna tilgangen på middel til forskingspersonell.

Stor suksess før

Helse Vest lyste og i 2016 ut strategiske midlar retta mot mindre helseføretak. Resultata frå desse prosjekta var ein viktig faktor bak avgjerda om å opprette ein ny søknadsrunde no. Alle desse prosjekta førte til auka regionalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid for forskingsmiljøa ved dei tre føretaka som den gongen fekk midlar.

Etter tildelinga av midlar frå Helse Vest, der søkjarinstitusjonen også forpliktar seg til å bidra med same årlege summen som Helse Vest, fekk dei tre prosjekta også tilslag på andre eksterne finansieringskjelder. Ein svært viktig effekt av dei strategiske midlane er også at dei har ført til meir permanente forskingsstrukturar utover enkeltprosjekta dei tre forskarane fekk midlar til.

Nye forskingsgrupper er etablerte i regionen, og allerede eksisterande er blitt forsterka og fått moglegheit til å ekspandere. Prosjekta har også ført til innkjøp av utstyrseiningar institusjonane no har tilgang til. Forskarane har produsert og publisert forsking av høg kvalitet, og såleis ikkje berre bidrege til utviklinga av forskinga ved eige føretak, men utviklinga av eige fagfelt.

Tre imponerande prosjekt
Også i denne runden er tre forskarar tildelt midlar til sine forskingsprosjekt.
Christian Moltu.JPG

Christian Moltu fekk innovasjonsprisen i Helse Vest i 2019. Foto: Silje Katrine Robinson

Christian Moltu frå Helse Førde fekk midlar til prosjektet «Personalized and data-driven specialty care. Health service research based on patient data in routine practice». Prosjektet er ei vidareutvikling av Norse Feedback-programmet som Helse Førde har satsa på i psykisk helsevern.

Prosjektet handlar om å involvere pasienten i datainnsamling før konsultasjonar, analysere desse dataa umiddelbart etter forskingsbaserte algoritmer, og gjere ein klinisk rapport tilgjengeleg for behandlar til konsultasjonen, slik at denne vert relevant og tilpassa helsebehovet til pasienten.

No skal Norse Feedback utvidast til postoperativ smertebehandling og stomi, i tillegg til å lage ein generisk helseøkonomisk indeks ut frå kliniske sjølvrapportar. Med prosjektet ønskjer dei å betre pasientbehandlinga innanfor dei nye områda dei utvidar til, styrkje pasientrolla og oppnå auka presisjon og persontilpassing i behandlingsval som vert gjort.

Bjørn Egil Vikse.JPG

Bjørn Egil Vikse, Helse Fonna. Foto: Stina Steingildra

 Bjørn Egil Vikse frå Helse Fonna fekk tilslag for prosjektet «Risk of Kidney disease and hypertension is determined at birth – exploration of mechanisms». Gjennom prosjektet har dei tidlegare vist at personar fødde med låg fødselsvekt har auka risiko for å utvikle kronisk nyresjukdom i vaksen alder, og at kvinner med låg fødselsvekt har mindre nyrestørrelse og lågare nyrefunksjon ved alderen 40 til 50, enn kvinner med normal fødselsvekt.

Vikse skal no forske vidare på desse samanhengane gjennom tre delprosjekt, mellom anna gjennom å sjå nærare på samanheng mellom låg fødselsvekt og høgt blodtrykk. Målet er at desse funna kan bidra til å kunne gi betre råd for korleis personar med låg fødselsvekt bør følgjast opp.

​Frå Haraldsplass Diakonale Sykehus fekk Lasse Melvær Giil gjennomslag for sitt prosjekt «Biomarkers to discover personalized therapeutic targets in neurodegenerative disease».

Lasse Melvær Giil.JPG

Lasse Melvær Giil, Haraldsplass. Foto: Ingrid Lovise Færøyvik

Prosjektet omhandlar forsking på biologiske markørar i blod og cerebrospinalvæsken for å identifisere subgrupper av friske med auka risiko for å få demens, og tilsvarande markørar for å finne pasientar med mild demens som har bestemte forløp.

Målet med studien er å klassifisere personar i høve til biologiske prosessar som ligg til grunn for risiko for å utvikle demens, og risiko for sjukdomsprogresjon. Med hjelp av denne informasjonen ønskjer han å byggje eit grunnlag for målretta prevensjon og behandling av nevrodegenerative sjukdommar som fører til demens.